Sisten

Sisten er ein leik der éin deltakar, den som «har den», skal prøve å ta borti dei andre deltakarane, for å gje sisten vidare. For dei som ikkje har den, er det om å gjere å bevege seg slik at den som har sisten ikkje når tak i dei.

Mange variantar

Sisten er ein leik som blir brukt over heile verda, som finst i mange variantar og som har mange ulike namn. Ein variant er «doktorsisten», der den som blir tatt må halde ei hand på den staden på kroppen der berøringa skjedde. Dersom ein for eksempel fekk sisten nede på foten, blir det vanskeleg å springe etter dei andre for å gje sisten vidare.

Ein annan variant er «stiv heks», der den som får sisten må stå heilt stille til ein av dei andre deltakarane gjer ein fri ved å ta borti. Ein tredje variant er «huksisten», der ein berre har lov til å bevege seg på huk.

Lokale uttrykk

Sisten blir ofte kalla «har’n» eller «tuppa». På Nordmøre og delar av Trøndelag vart den kalla «sura», på delar av Vestlandet og Sørlandet «tikken» eller «tikk», nokre stader også «pikken» fordi ein pikka borti kvarandre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg