Artikkelstart
Sindre Ekrheim er ein norsk kritikar og lyrikar.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er ein norsk kritikar og lyrikar.
Ekrheim er frå Stavanger, bur i Bergen og er kritikar i Bergens Tidende.
Han debuterte med Sjøen hugsar ingen barndom (2010), ei samling som teiknar ei verd utan menneske. Det finst landskap og sjø og undersjøiske landskap, men ingen folk. Det utfordrar det ofte subjektive diktformatet.
Han følgde opp med Ho kjem fram i regnet (2013), der grepet er å studera svært små vesen og fenomen i natur, som dropar og insekt. Kombinert med dette finst det ei historie om ei døyande mor.
Boka frå 2017 har to sjeldne ord i tittelen: Rangsøles. Litofaniar. Det første tyder vend bort frå sola, det andre kombinerer litani (ritual for sorg og klage) med epifani, openberring av lys. Ekrheim utfordrar diktsjangeren ved å venda seg mot objekt få ser, og i dette tek han opp i seg fleire tendensar i nyare lyrikk.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.