Simen er eit mannsnamn som er norsk form av Simon som er gresk form av det hebraiske Simeon, eit bibelsk namn som er brukt både i Det gamle og nye testamentet. Det bibelske Simon er laga til eit hebraisk verb som tyder ‘høyre’, og namnet kan truleg forklarast som ‘berømt’.

Namnet har fleire variantar: Simen, Simon.

Namnedag er 28. oktober. Simon har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Simen

Kulturell bruk

  • «Simen» (1958) er ei bok av Kjell Aukrust. Filmen «Freske fraspark» (1963) er basert på bøkene «Simen» (1958) og «Bror min» (1960).

Kjende personar med namnet Simen

Eit utval personar med namnet Simen, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 705 menn i Noreg som hadde Simen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Simen var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 12 gutar som fekk namnet Simen.

Utvikling i bruk av namnet

Frå tidleg på 1800-talet hadde Simen ein langsam nedgang til eit botnnivå 1930–1959. Namnet fekk eit sterkt oppsving frå 1960-åra, og grunnen til dette er Kjell Aukrusts populære bøker om Simen, til dømes forteljinga «Simen» (1958), seinare også som teaterstykke og film.

Utvikling i bruk av namnet Simen frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Simen frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Simen på 1800-talet.

Simen var klart mest brukt i Hedmark og Oppland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Simen på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Simen var klart mest brukt i Hedmark og Oppland.

Historisk bruk av namnet Simen
Historisk bruk av namnet Simen
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg