Sigvald Oppebøen Hansen

Faktaboks

Sigvald Oppebøen Hansen
Født
21. september 1950, Nissedal, Vestfold og Telemark

Artikkelstart

Sigvald Oppebøen Hansen er politikar og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Telemark i 1993–2013.

Bakgrunn

Sigvald Oppebøen Hansen er fødd i Nissedal i Telemark (no Vestfold og Telemark). Han tok handelsskule i 1969–1970 og Postskolen i 1970–1971. Han arbeidde som butikkmedarbeidar i 1966–1967, var sjømann i 1967–1968, arbeidde som postbod i Oslo i 1969–1978 og som landpostbod i Treungen i 1978–1993.

Politisk karriere

Oppebøen Hansen blei medlem av styret i Nissedal Ap i 1979 og hadde ulike roller i styret i 1979–1985 og 2000–2004. Han var kommunestyrerepresentant for Ap i Nissedal i 1983–1987, medlem av styret for Telemark Ap frå 1989 og medlem av fylkestinget i Telemark i 1983–1993. I perioden 2015–2019 var han igjen medlem av fylkestinget i Telemark, og han er vald til representant for Ap i det nye fylkestinget for Vestfold og Telemark for perioden 2019–2023.

I 1993 blei han vald inn på Stortinget som representant for Arbeidarpartiet frå Telemark. Han vart attvald ved stortingsvala i 1997, 2001, 2005 og 2009, og satt 20 år samanhengande på Stortinget. Han takka nei til attval til Stortinget før stortingsvalet i 2013 og pensjonerte seg. Oppebøen Hansen var varasekretær i 1997–2001 og sekretær i 2001–2005 på Odelstinget. I løpet av dei tjue åra han var stortingsrepresentant var han medlem av ulike komitear. Han sat i kontroll- og konstitusjonskomiteen i 1993–1997, kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i 1997–2001, kommunalkomiteen i 2001–2005, næringskomiteen i 2005–2009 og 2009–2013, og til sist justiskomiteen 2009–2013.

Politisk har han arbeidd for betring av økonomien til kommunane og var oppteken av sysselsetjing og næringspolitikk. Hansen fekk kritikk i den såkalla gullpensjonssaka i 2008, der 42 tidlegare stortingsrepresentantar blei tiltalte og fleire blei dømde for å ha å ha teke imot for mykje pengar i pensjon frå Stortinget.

Andre verv

Oppebøen Hansen har hatt mange offentlege verv. Han var medlem av Kringkastingsrådet i 2014–2021 og styreleiar i det interkommunale selskapet Gea Norvegica Geopark. Han var leiar av Noregs Ungdomslag i Treungen i 1979–1993 og nestleiar i Norsk Postforbund i Aust-Agder i 1990–1993. Han var leiar av Løvebakken Mållag i 2001–2005.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg