Sigurd Einbu

Faktaboks

Sigurd Einbu
til 1926 Enebo
Født
5. november 1866, Lesja, Oppland
Død
10. mai 1946, Dovre, Oppland
Virke
Lærer, gårdbruker og astronom
Familie

Foreldre: Furer og gårdbruker Peder Johannessen Enebo (1838–1926) og Marit Syversdatter Kvam (1835–1920).

Gift 3.8.1905 med Helga Eriksen (5.4.1879–7.8.1966), datter av arbeidsformann Knut Eriksen (1840–1912) og Marit Nisja (1845–1920).

Navneendring til Einbu 1925.

Sigurd Einbu

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Sigurd Einbu
Av /NTB Scanpix ※.

Sigurd Einbu var ein norsk lærar og astronom. Han utførte talrike observasjonar av variable stjerner og oppdaga i 1912 ei nova i stjernebiletet Tvillingene.

«Populær astronomi» og Einbu var i fleire tiår nesten synonyme omgrep i Noreg. Han gjorde mykje for å spreie astronomisk kunnskap og skape interesse for studiet av stjernehimmelen. Han heldt foredrag, skreiv populærastronomiske artiklar og fleire bøker, mellom anna Gjennem stjerneverda (to bind, 1923–1924), Bebodde verder i nytt lys (1928), og Soler og atom (1930).

Einbu var lærar på Dombås i 1896–1911, og statslønt astronom frå 1911. Frå 1916 var han styrar for Den magnetiske stasjonen på Dombås.

Huset Einbu vart fødd i er flytta til Dombås og vart i 1985 opna som museum, kalla Einbustugu.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg