Faktaboks

Sigurd Nergaard
Fødd
28. mars 1873, Glomstad i Åmot, Hedmark
Død
21. januar 1932, Hamar, Hedmark
Verke
Folkeminnesamlar og skulemann
Familie

Foreldre: Gardbrukar Syver Pedersen Nergaard (1829–1912) og Valborg Olsdotter Aaset (1835–1924).

Gift 5.9.1899 med Helga Pauline Bækken (10.7.1880–13.5.1961), dotter til gardbrukar Guldbrand Håkonsson Bækken (f. 1850) og Inger Kristiansdotter Hagen (f. 1854). Bror av Olav Nergaard (1861–1934); morfar til Gunnar Skirbekk (1937–).

Sigurd Nergaard
Av /Glomdalsmuseet.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sigurd Nergaard var ein norsk folkeminnesamlar og skulemann. Han er først og fremst kjend som Østerdalens store folkeminnesamlar.

I perioda 1927−1931 var Nergaard sjef for Statens filmkontroll, og han var skuledirektør i Hamar frå 1931.

Bakgrunn

Sigurd Nergaard voks opp på Glomstad, men flytta i 1887 med foreldra til Åstbrubakken under Åset, då broren Olav tok over farsgarden. Sigurd tok eksamen ved Hamar Seminar i 1893. Han vart lærar ved ulike folkeskular i Elverum, og var klokkar i 1904–1921. I 1922 vart han tilsett som lærar i norsk og historie ved Elverum lærarskule, i 1927–1930 var han sjef for Statens filmkontroll i Oslo til han 1931 vart utnemnd som skuledirektør på Hamar kort tid før han døydde. Han var med i heradsstyre, formannskap og skulestyre og hadde ei rad styreverv, mellom anna i Norsk Bokmannslag og Det Norske Samlaget.

Folkeminne

Nergaard engasjerte seg sterkt i oppbygginga av Glomdalsmuseet, som han var med på å grunnleggja i 1911. I mange år stod han for katalogiseringa av gjenstandar ved museet. Han hadde lett for å kome i kontakt med folk og var sjølv ein god forteljar. Han begynte tidleg å samla folkeminne i elverumsbygdene for å føra vidare dei nasjonale og kulturelle verdiane som låg i tradisjonen. Problemet var målforma. Han eksperimenterte med lydskrift og dialekt, men i samråd med fagfolk som Hans Ross og Amund B. Larsen valde han dialektfarga nynorsk med direkte tale på rein dialekt i den første boka, Segner fraa Elvrom, som kom på Det Norske Samlaget i 1907 som tilleggshefte til Syn og Segn.

Innsamlingsreisene vart etter kvart utvida til å omfatta heile Østerdalen. Resultatet vart fem bøker i åra 1921–1927: Gard og grend, Ufredstider, Eventyr, Hulder og trollskap og Skikk og bruk med undertittelen Folkeminne fraa Østerdalen. Dei står som ein hjørnestein i skriftserien Norsk folkeminnelags skrifter, som vart grunnlagt i 1920. Medan banda om eventyr og skikk og bruk er ordna tematisk, er dei tre andre banda ordna etter bygdelag. Det gav høve til å ta med variantar og dokumentera likskap og ulikskap i kulturen i dei ulike bygdelaga. Bandet med ufredstradisjon er utan sidestykke og eit spesielt viktig kjeldeskrift. Nergaard gjekk deretter over til å nytte gjeldande nynorsk rettskriving, samstundes som han idiomatisk og stilistisk følgde østerdalsmålet.

Nergaard ville ikkje berre samla og gje ut, han ville også forstå den folkelege tradisjonen. Derfor lærde han seg på eiga hand engelsk, tysk og nederlandsk for å lesa folkloristisk faglitteratur. Dette resulterte i artikkelen Utsyn over folkeminna i Østerdalen. Etter dette var han ferdig med folkeminne. Arbeidet med Trysil-boka, som han hadde begynt med 1912, tok stadig meir tid. Ein viktig grunn til at han tok stilling som filmsensor tre dagar i veka i Oslo, var at han ville nytta resten av tida i arkiv og bibliotek for å jobbe med bygdeboka. Han vart også der dregen inn i styre- og lagsarbeid, og verket om Trysil rakk han aldri å få ferdig.

Utgjevingar

  • Segner fraa Elvrom, tilleggshefte til SogS1907
  • Gard og grend. Folkeminne fraa Østerdalen, 1921
  • Ufredstider. Folkeminne fraa Østerdalen, 1922
  • Eventyr, barnevers, spurningar og ordspraak. Folkeminne fraa Østerdalen, 1923
  • Hulder og trollskap. Folkeminne fraa Østerdalen, 1925
  • Skikk og bruk. Folkeminne fraa Østerdalen, 1927
  • Hardåret 1812 i Østerdalen, i Bygd og bondenr. 1, 1919, s. 134–137
  • Kristian IV paa Kvikne, sst., s. 63f
  • Utsyn over folkeminna i Østerdalen, ibid., nr. 7, 1925, s. 152–178
  • Utsyn over Trysils historie, ibid., nr. 8, 1926, s. 138–164

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hvem er hvem 1930
  • E. Lillevold: Trysil-boka. Garder og slekter,bd. 1, Trysil 1943, s. 13–15
  • K. Liestøl: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 10, 1949
  • H. Skirbekk: «Olav Nergård, Sigurd Nergård», i Årbok for Glåmdalen 1949, Hamar 1949, s. 44-66
  • E. Lillevold: Åmot bygdebok, bd. 2, Åmot 1971
  • H. Skirbekk: Sigurd Nergaard og hans ætt, Hamar 1972

Faktaboks

Sigurd Nergaard
Historisk befolkingsregister-ID
pf01073720011887

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg