Sigrunn er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Sigrun som går tilbake til det norrøne Sig-rún. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘siger’ og etterleddet ‘hemmeleg kunnskap’.

Namnet har fleire variantar: Sigrun, Sigrund, Sigrunn.

Namnestatistikk

I 2022 var det 720 kvinner i Noreg som hadde Sigrunn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Sigrun og varianten Sigrunn som begge var mest brukte i 1930-åra. Sidan år 1900 har den språkhistorisk korrekte forma Sigrun vore brukt nesten tre gongar meir enn Sigrunn.

Utvikling i bruk av namnet Sigrunn frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sigrunn frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg