Sigrid Bonde Tusvik

Faktaboks

Sigrid Bonde Tusvik
Født
2. februar 1980, Oslo
Sigrid Bonde Tusvik.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Sigrid Bonde Tusvik er ein norsk tekstforfattar, programleiar, profilert komikar med eit skrått blikk på samfunnet, og den eine halvparten av podkasten Tusvik & Tønne.

Bakgrunn

Sigrid Bonde Tusvik er fødd i Oslo. Ho var elev ved Fagerborg videregående skole i 1997–1999, gjekk på Romerike folkehøgskole i 1999–2000 og er utdanna tekstforfattar frå Westerdals School of Communication (no Høyskolen Kristiania) (2000–2004). Foreldra hennar er Sverre Tusvik, tidlegare sjefredaktør i Det Norske Samlaget, og Elin Bonde, tidlegare rektor og skulebokforfattar.

TV og media

Bonde Tusvik var skribent i magasinet Stella i 2011–2018, er fast spaltist i Dagsavisen og er medeigar og spaltist i magasinet Altså. Sidan 2003 har ho drive med stand up-komikk. Fram til 2008 var ho med i det månadlege humorshowet Blymandag. Dette var forløparen til TV2-programmet Torsdag kveld fra Nydalen, der Bonde Tusvik var med i perioden 2011–2014.

Ho hadde også sine eigne TV-seriar: Sigrid søker kjæresteNRK i 2011 og Sigrid blir mamma på TV2 i 2013. Ho har leidd programmet Gullruten fleire gonger, og ho har laga podkasten Tusvik & Tønne saman med komikaren Lisa Tønne sidan 2012. Dei har hatt eige talkshow på TV2 og humorshow på Latter i Oslo.

Samfunnsengasjement

Bonde Tusvik er feminist, energisk, utleverer seg sjølv, er samfunnsengasjert og seier svært tydeleg kva ho meiner. Den viktigaste likestillingssaka for henne er likeløn. Ho kan verke provoserande på mange, og ho fekk drapstrugsmål etter at ho protesterte mot regjeringa og innstramming av abortlova i raudt kostyme som i TV-serien The Handmaid's Tale utanfor Slottet i 2019.

Forfattarskap

Bonde Tusvik har gitt ut boka Noe med media. En bok om hva du kan bli (2009), og saman med Gunnhild Magnussen var ho redaktør av Glitterfitter. Helt sanne historier om å være ung kvinne (2009).

Utmerkingar

Under Komiprisen i 2015 fekk ho både publikumsprisen saman med Lisa Tønne og blei årets kvinnelege scenekomikar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg