Signe Seim

Faktaboks

Signe Seim
Signe Finne Seim
Født
1. mai 1929, Voss, Vestland
Samlaget.

Artikkelstart

Signe Seim er lærar, omsetjar og lyrikar som mellom anna har utvikla læremiddel om Ivar Aasen og Per Sivle.

Bakgrunn

Signe Finne Seim er fødd på Voss. Etter at ho tok eksamen ved lærarskulen i Oslo i 1952, arbeidde ho som lærar på Nesna i eitt år, deretter i Oslo fram til 1954 og sidan på Ål til 1980. Deretter har ho vore forfattar på heiltid.

Forfattarskapen

Lyrikken

Seim debuterte i 1960 med diktsamlinga Trø varleg, min fot. Ho har særleg dyrka lyrikken og har gitt ut ni diktsamlingar. I 1986 kom Her budde ein gong eit barn, ein prosalyrisk, psykologisk roman om jenteoppvekst. I diktsamlinga Rop hausten heim (2009) finst mange dikt med religiøse allusjonar, og ein kristen bodskap er elles tydeleg gjennom heile forfattarskapen.

Økologiske problem som tema

Ein annan sentral tematikk er mennesket i møte med ein sårbar natur. Seim er oppteken av økologiske problem. Fugleliv og vekstar i breheimen har òg ein symbolsk og religiøs funksjon. Seim høyrer heime i ein modernistisk tradisjon, og språket er konkret. Ho kan tidvis blande inn latinske botaniske termar, og i nokre høve brokkar frå tysk og engelsk.

Barnelitteratur

Seim har òg skrive for barn. Ho har utarbeidd undervisningsopplegg til skulebruk om Per Sivle i 1974 og Ivar Aasen i 1978. Tre små skodespel i eit lettleshefte kom òg ut i syttiåra. Ho har sidan publisert forteljingsbøkene Ekornfolket frå Hundreårsskogen (1993) og Rypefolket i Snøfonndalen (1999), og ho har omsett nokre barne- og ungdomsbøker og har skrive bokmeldingar.

Prisar

Seim fekk Hordaland fylkes kunstnarstipend i 1978. Ho fekk Sunnmørsprisen og Oslo domkyrkjes bokpris i 1986 for boka Her budde ein gong eit barn.

Bibliografi

  • Rop hausten heim (Lyrikk, Voss Prenteverk, 2009)
  • Rypefolket i Snøfonndalen (Barnebok, Samlaget, 1999)
  • Åleine med orda. (Lyrikk, Voss Prenteverk, 1997)
  • Ekornfolket frå Hundreårsskogen. (Barnebok, Samlaget, 1993)
  • Det finst eit fjell. (Lyrikk, Samlaget, 1990)
  • Her budde ein gong eit barn. (Roman, Samlaget, 1986)
  • Det kvite landet. (Lyrikk, Samlaget, 1982)
  • Sju frostnetter. (Lyrikk, Samlaget, 1979)
  • Emnehefte om Ivar Aasen. (Sakprosa, Noregs lærarmållag, 1978)
  • Tre skodespel for barn. (Dramatikk, Samlaget, 1975)
  • Emnehefte om Per Sivle. (Sakprosa, Noregs lærarmållag, 1974)
  • Etter lang vandring. (Lyrikk, Samlaget, 1972)
  • I stillaste timen. (Lyrikk, Samlaget, 1965)
  • Trø varleg min fot. (Lyrikk, Fonna forlag, 1960)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lars Beite (red.): Norske skolefolk, bd. 2. Stavanger 1966
  • Herman Berthelsen (red.): Hvem er hvem i norsk kulturliv? Oslo 1987
  • Olav Hr. Rue (red.): Det Norske Samlaget. Bøker 1869–1992. Ein forlagsbibliografi. Oslo 1993

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg