Signar er eit mannsnamn som er kjent sidan 1893. Det kan vere avleidd av kvinnenamnet Signe med suffikset -ar på same måte som til dømes Hildar av Hilda. Det kan også oppfattast som ei nylaga samansetning: Sig-nar, med Sig- frå til dømes Sigvald og -nar frå til dømes Einar.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Signar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg