Sigmund Sæverud

Faktaboks

Sigmund Sæverud
Født
3. mars 1939, Bergen
Sigmund Sæverud saman med Per Schaanning (til høgre) i forestillinga Røff (2017) på Det Norske Teatret.
.

Artikkelstart

Sigmund Sæverud er ein norsk skodespelar og regissør. Han var med og skipa Hålogaland Teater i Tromsø og var i mange år mellom dei sentrale skodespelarane ved teatret.

Bakgrunn

Sigmund Sæverud er fødd i Bergen. Han vart uteksaminert frå Statens Teaterhøgskole i 1964 og var tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen i 1967–1971. Sæverud var med og skipa Hålogaland Teater i Tromsø i 1971 og var knytt til teatret fram til i 2006. Sidan har han vore frilansar.

Sæverud har skrive skodespel for born, mellom anna eventyrframsyninga Gutten og gullfuglen (1970 og 1977).

I 2014 mottok han Heddaprisen i klassa for beste mannlege medspelar for rolla som Lucky i Mens vi ventar på Godot, som vart produsert av Riksteatret og Det Norske Teatret.

Teaterroller

Sæverud var ein av dei sentrale skodespelarane ved Hålogaland Teater frå byrjinga og tok del i alle dei viktige produksjonane i den første tida ved teatret, mellom anna i det store gjennombrotet, Det e her æ høre tel (1973). Han har hatt roller som Winston i Athol Fugard Øya (1985), Goldberg i Harold Pinters Fødelsdagsselskapet (1986) og Stivhatten i jubileumsframsyninga Kranes Konditori av Cora Sandel (1986). Han har òg vore regissør for fleire framsyningar, mellom anna suksessen Den tapre soldat Svejk av Jaroslav Hašek (1985).

I 1995 gjesta han Den Nationale Scene i Helligtrekongersaften eller Hva de vil, og han medverka i Pierre Schaeffers Amadeus ved Oslo Nye Teater i 2001 og i Hamlet ved Teater Ibsen i 2005.

Av Henrik Ibsen har han blant anna spela Brack i Hedda Gabler (Hålogaland Teater 1987), Dovregubben og andre roller i Peer Gynt (Den Nationale Scene 1993), grosserar Werle i Vildanden (Hålogaland Teater 2001, og igjen på Teater Ibsen i 2009).

Film- og fjernsynsroller

Sigmund Sæverud har vore med i fleire filmar og fjernsynsproduksjonar, mellom anna i Nattseilere (1988), Solens sønn og månens datter (1993), Gåten Knut Hamsun (1996) og Jeg er Dina (2002). I den populære NRK-serien Himmelblå (2008–2010) frå Ylvingen på Helgeland spela han gardbrukaren Johan.

Sæverud er på sitt beste når han framstiller karakterar frå nordnorske miljø. I tillegg til å vere skodespelar, har han undervist ved Statens Teaterhøgskole.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jens Harald Eilertsen: Polare scener. Nordnorsk teaterhistorie fra 1971–2000. Stamsund 2005

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg