Faktaboks

Sigmund Lystrup
Fødd
30. juni 1909, Kvamsøya, Sunnmøre
Død
8. mai 2006, Asker

Sigmund Lystrup var ein norsk prest og biletkunstnar, var kjend som «målarpresten». Han hadde kall til både kunsten og prestegjerninga. I slutten av 1950-åra var han ein av dei mest omtalte biletkunstnarane her i landet.

Prest

Sigmund Lystrup studerte teologi og vart cand.theol. frå Det teologiske Menighetsfakultet i Oslo i 1934. Han vart hjelpeprest i Ringsaker i 1936 og deretter tilsett ved Norsk søndagsskoleforbund. Frå 1939 var han hjelpeprest og sjukehusprest i Lier i Buskerud.

Kunstnar

Under den andre verdskrigen tok han til med kunstnarutdanning. Etter eitt år ved Statens håndverks- og kunstindustriskole byrja han på Statens kunstakademi i Oslo, med professor Axel Revold som lærar. Han tok eksamen i 1944 og hadde studieopphald mellom anna i Italia, Frankrike og Sveits. Frå 1947 var Lystrup sokneprest i Vinje, frå 1962 samstundes prost i Vest-Telemark prosti. I 1964 flytta han med familien til Asker og vart kunstnar på heiltid.

Åra som prest i Vinje var viktige for den kunstnarlege utviklinga hans. Mellom anna hadde han nære relasjonar til Tarjei Vesaas og til målarane Harald Kihle og Henrik Sørensen, som heldt til i Vinje på denne tida. Lystrup stod i spenningsfeltet mellom altaret og atelieret, men såg ingen motsetnad mellom dei to yrkesretningane. Han kjende seg kalla til dei begge.

Sigmund Lystrup arbeidde vesentleg med måleri, teikningar og materialbilete. Dei tidlege bileta hans var figurative, med vekt på stemning og atmosfære. I 1950-åra fann han etter kvart fram til eit abstrakt biletspråk, og frå om lag 1960 skjedde ein gradvis overgang til materialbilete, der han nytta mellom anna tre, metall, stoff, spiker og glas. Arbeida hans var rike på symbolikk. Som kunstnar gjekk Lystrup sine eigne vegar. Han søkte seg attende i tid og til andre kulturar, særleg afrikanske.

Som nyutdanna prest var han prega av ein konservativ indremisjonsteologi frå Menighetsfakultetet. Men prestetida i Vinje gav han viktige impulsar som førte han over i ein meir kulturopen folkekyrkjekristendom av grundtvigiansk type. Kunstnaren og presten påverka kvarandre gjensidig.

I 1946 var Sigmund Lystrup første gongen representert på Haustutstillinga, der han òg var med fleire gongar seinare. Han hadde si første separatutstilling i 1951. Arbeida hans er kjøpte inn til mange galleri og samlingar, og han har òg utsmykka mange kyrkjer, institusjonar og offentlege bygg. Han var medlem av Norske Billedkunstnere, med røysterett frå 1951.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Den norske kirkes presteforening. Oslo 2000
  • Jan E. Hansen: «Både maler og prest», Aftenposten 29.7.1989
  • Dag Kullerud: Mellom alter og atelier. Om kunstnerpresten Sigmund Lystrup. Oslo 2007

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Sigmund Lystrup

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg