Sigmund Jakobsen

Faktaboks

Sigmund Jakobsen
Født
7. august 1944, Karmøy, Rogaland

Artikkelstart

Sigmund Jakobsen er ein norsk lyrikar. Han gav ut diktsamlinga Gjennom brend by i 1964 og vart den fyrste som vart tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris.

Bakgrunn

Sigmund Jakobsen er fødd i Karmøy i Rogaland. Han gjekk realskule i Kopervik og tok examen artium på engelsklinja ved Rogaland offentlege landsgymnasBryne i 1963. Deretter var han to år lærar på realskulen i Ølen og tok i 1965–1968 lærarutdanning ved lærarskulen i Stavanger.

Etter lærarskulen arbeidde han i Dagsnytt i NRK og var eitt år utanriksmedarbeidar i Stockholm. Frå 1975 til 1978 var han informasjonssjef ved Saga Petrokjemi i Bamble.

Forfattarskapen

I 1964, 20 år gamal, gav han ut diktsamlinga Gjennom brend by. Det var ei samling modernistiske, lett tilgjengelege dikt, skrivne på ein slags samnorskfarga nynorsk og stundom med språklege eller symbolske amerikanske referansar. Han var oppteken av amerikansk litteratur, mellom anna av Hemingway og Steinbeck. «Nynorsk beatnik med samnorsk heilskjegg» var overskrifta i ei av meldingane av boka.

Samlinga fekk til dels god kritikk, og forfattaren vart som den første tildelt den nyleg innstifta Tarjei Vesaas' debutantpris. «Vi har å gjere med ein komande stor lyrikar», skreiv ein sindig meldar, som elles hadde ymse innvendingar. Også andre var visse på å høyre meir frå forfattaren. Men Jakobsen stilna som lyrikar. Han publiserte berre nokre få dikt i tidsskrift og blad etter den unge debuten.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ragnar Hovland: «På vegen til det norske bibliotek (ved tre av dei)», Åleine i Alpane. Oslo 1999
  • Sigmund Jakobsen: «Dikt», Samtiden nr. 3/1967
  • Sigmund Jakobsen: Gjennom brend by. Oslo 1964
  • Ragnvald Skrede: «Tankar om norsk lyrikk i dag», Samtiden nr. 2/1965
  • Martin Gjersvik: Spor dei sette. «Spor i ord» (Ein Karmøyantologi). Haugesund 1989.

Kommentarer (3)

skrev Jon Grepstad

Her synest eg de gjer min gamle klassekamerat Sigmund Jakobsen eldre enn nødvendig. Han er fødd i 1944!

skrev Jon Grepstad

Vidare bør Store norske leksikon bestemme seg for skrivemåten av namnet på prisen. No finst det fleire variantar i leksikonet.

svarte Ida Scott

Hei, takk for innspill. Riktig skrivemåte er nå på plass. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg