Faktaboks

Sigmund Groven
Fødd
16. mars 1946, Heddal i Notodden, Vestfold og Telemark
Verke
Musiker og komponist
Familie

Foreldre: Skolestyrer og gårdbruker Sverre Groven (1897–1970) og husmor og gårdbruker Gunhild Haaberg (1906–2009).

Ugift.

Brorsønn av Eivind Groven (1901–77); fetter av Aslaug Groven Michaelsen (1926–).

Sigmund Groven i 1987.
Rana Blad/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Sigmund Groven er ein norsk munnspelartist og komponist. Han er internasjonalt anerkjend som utøvar, har halde konsertar i ei rekke land og har medverka ved mange plateinnspelingar, blant anna saman med Tommy Reilly, Ketil Bjørnstad og Henning Sommerro. Bak seg har Groven ei rekkje plater med eigne komposisjonar og tolkingar av populære låtar, folkemusikk og klassiske stykke.

Bakgrunn

Sigmund Groven voks opp i ein musikalsk familie i Heddal i Notodden kommune i Telemark. I 1969 blei Han cand.mag., med mellomfag i engelsk, historie og statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Groven arbeidde i fleire år i NRK som kanalvert, omsetjar og produsent.

Musikkarrieren

Groven har arbeidd mykje for å få munnspel anerkjend som eit seriøst instrument. Repertoaret hans spenner frå autentisk folkemusikk til moderne underhaldningsmusikk, og han har skrive musikk for film, teater og fjernsyn.

Det var då han som niåring høyrde den britisk-kanadiske munnspelartisten Tommy Reilly på radio, at han blei interessert i munnspel. Frå 1960 studerte Groven hos Reilly i London. Dei heldt konsertar saman og spela i 1976 inn plata Music for Two Harmonicas.

Han debuterte som munnspelartist i NRK i 1965 og er ofte blitt spela i radio og på fjernsyn. Tolkinga hans av Henning Sommerros Vårsøg, lenge brukt som kjenningsmelodi for radioprogrammet Nattønsket på NRK, og er mellom dei mest folkekjære innspelingane til Groven.

Groven har ei internasjonal solistkarriere som strekkjer seg frå konsertar i Carnegie Hall i New York til listeplasseringar i Korea. Han er ein av dei fremste utøvarane i verda på kromatisk munnspel. I 2002 blei han den første munnspelartisten som heldt konsert saman med Mozarteum-orkesteret i Salzburg.

Komponistkarrieren til Groven omfattar over 350 komposisjonar og spenner frå større verk som Vinland Suite (1986) og Til Telemark (1994) til musikken til fjernsynsserien Vi på Langedrag (2001). På Norsktoppen har Groven hatt stor suksess med Balladen om en drøm (1975), Vårsøg (1991) og Ut på tur (1995). Han spelte òg munnspill på Reodors ballade frå filmen Flåklypa Grand Prix.

Utmerkingar

Groven har fått ei rekkje prisar gjennom karrieren, den første i 1984 for Årets verk frå Norsk forening for komponister og tekstforfattere (NOPA). Etter suksessen i USA blei han i 1991 tildelt æresborgarskap i Texas. I 2002 blei han æresmedlem av NOPA, og han fekk Klaus Egges minnepris i 2009. I 2010 fekk han Statens stipend for eldre fortente kunstnarar, eit årleg stipend som varer livet ut.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jan Eggum, Bård Ose, Siren Steen og Jon Vidar Bergan (red.): Norsk pop & rockleksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2013

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg