Faktaboks

Sigbjørn Johnsen
Født
1. oktober 1950, Lillehammer
Sigbjørn Johnsen
Sigbjørn Johnsen har vore finansminister i Noreg to gonger. Foto frå 2009, frå hans siste finansministerperiode.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Artikkelstart

Sigbjørn Johnsen er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han har vore finansminister to gonger – i Brundtland-regjeringa fra 1990 til 1996 og i Stoltenberg-regjeringa frå 2009 til 2013. Han var fylkesmann i Hedmark frå 1997 til 2017.

Bakgrunn

Johnsen er fødd på Lillehammer, men voks opp på Stavsjø i det som i dag er Ringsaker kommune. Han var bankkasserar i 1970–1971 og undervisningsleiar og rekneskapsførar i AOF, Hedmark, frå 1971. Han var nestleiar i Likestillingsrådet frå 1976 til 1983.

Johnsen var nestformann i AUF i 1975–1976. Han vart vararepresentant til Stortinget i perioden 1973–1977, og møtte fast då Odvar Nordli vart statsminister i 1976. Han var deretter vald stortingsrepresentant for Hedmark i åra 1977–1997.

Finansminister og fylkesmann

Sigbjørn Johnsen var medlem av finanskomiteen på Stortinget frå 1980 til 1990 og nestleiar frå 1986. Frå 1990 til 1996 var han ein markert finansminister i Gro Harlem Brundtlands regjering. Frå 1997 var han fylkesmann i Hedmark. Til overraskinga til mange gjekk Sigbjørn Johnsen igjen inn i politikken og var på ny finansminister i den rød-grønne regjeringa frå 2009 til 2013. Ingen har vore finansminister her i landet så lenge som Johnsen.

Mange store utfordringar møtte han i den første perioden som finansminister, og den største var utan tvil bankkrisa i 1991, då dei største forretningsbankane var nær ved å gå konkurs, men vart berga gjennom etableringa av Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond. Johnsen var òg sentral i å få på plass det store forliket om skattereforma i 1992. Som fylkesmann sat han som leiar for komiteen som greidde ut pensjonsreforma, og han spela ei sentral rolle for å få denne reforma gjennomført.

Som fylkesmann var han mellom anna medlem av Noregs Banks hovudstyre frå 1999 til 2004 og leiar i ei rekkje offentlege utval, blant dei Valglovutvalget i perioden 1997–2000 og Pensjonskommisjonen i perioden 2000–2004.

Dialekt

I alle sine år som politikar har Sigbjørn Johnsen halde fast på bakgrunnen sin frå Hedmark. Han er kjend for å bruke sin karakteristiske hedmarksdialekt i skrift og tale, og har gjort dialekten til eit varemerke. Det har vore med på å gjere han til ein folkekjær politikar. Han fekk Dialektprisen i 1993.

Johnsen er glad i lyrikk, særleg dikta til dei to Hedmarks-diktarane Hans Børli og Rolf Jacobsen.

Utgivingar

Sigbjørn Johnsen gav ut i 2004 memoarboka Saligheta heme. I 2010 kom Æille åra innaførr.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg