Faktaboks

Sigbjørn Heie
Fødd
25. januar 1945, Tysnes i Sunnhordland

Sigbjørn Heie er forfattar og lærar. Forteljingsbøker for barn og unge og var poesi pregar forfattarskapen hans.

Bakgrunn

Sigbjørn Heie er fødd i Tysnes i Vestland. Han er utdanna og har arbeidd som lærar. I 1972 debuterte han med diktsamlinga Bilete, og han har sidan gitt ut ei rekkje diktbøker, prega av vare stemningar frå natur og kjensleliv. I tillegg til poesien er det barne- og ungdomsbøkene som er tyngda i forfattarskapen hans. Han er også novellist og har skrive romanar for vaksne. Heie har hatt ei rekkje artiklar i antologiar og tidsskrift, og han har skrive litteraturkritikk for ulike aviser og blad.

Heie var redaktør i Norsk Barneblad ein kort periode i 1978–1979.

Forfattarskapen

Lyrikk

Heie skriv oftast stillferdig naturlyrikk, som i Stillferdig landskap (1976), Du drøymer draumen din (1978), Dogg (1986) og I solregn opnar andletet seg (1993). Dikt i utval 1972–1997 blei gitt ut i 1997.

Prosa

Prosaforteljingane har vakt meir merksemd enn dikta, særleg romanen Saftig salig sommar (1982). Det er likevel spenningshistorier for barn og ungdom Heie har vunne mest fram med. I 1976 gav han ut den første, Sommaren det hende, og sidan har han kome med ei rekkje forteljingsbøker på mellom anna Norsk Barneblads Forlag.

Saman med Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og Einar Økland stod han bak pseudonymet John Donner, som skreiv Sommerset-serien – ein nynorsk krimserie for ungdom på 13 bøker, som kom i åra 1982–1987.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg