Faktaboks

Sierra Nevada
Uttale
siˈerra nevˈada
Etymologi
spansk ‘snøfjell’

Mount Whitney, som ligg i den austlege ytterkanten av Sierra Nevada, er det høgaste fjellet i California.

.
Lisens: CC BY 2.0

Sierra Nevada er ei fjellkjede i California i USA. Fjellkjeda strekkjer seg i nordvestleg retning vel 400 kilometer frå Mojaveørkenen i sør til Cascade Range i nord. Fjella er forma gjennom fleire istider og dannar eit imponerande og vakkert syn.

I vest skrånar fjellkjeda ned mot den store kaliforniske lengdedalen, i aust mot Great Basin-området i Nevada. Sierra Nevada har fleire fjelltoppar som når meir enn 4000 meter over havet, høgast er Mount Whitney (4418 meter over havet) i sør, som er det høgaste fjellet i USA utanfor Alaska.

Vestskråninga er nedbørsrik og dekt av store skogar. Her finst mammuttreet, det største nåletreet på jorda. Vatnet i desse områda utgjer ein viktig drikkevass- og energiressurs, og blir i tillegg nytta til irrigasjonsføremål.

Dei vestlege områda hyser fleire nasjonalparkar, mellom anna Sequoia, Yosemite og Kings Canyon. Ei rekkje pass fører gjennom fjellkjeda.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg