Sidsel er eit kvinnenamn som med stavemåten [ds] er ein danskpåverka stavemåte av Sissel, norsk form av det latinske Cecilia laga til adjektivet caecus som tyder ‘blind’.

Mens Sidsel er den dominerande stavemåten i Danmark, er Sissel mest brukt i Noreg. Såleis var det i 2017 1936 kvinner med forma Sidsel i Danmark mot 891 i Noreg. Og omvendt var det 12 851 kvinner som heitte Sissel i Noreg mot 3020 i Danmark.

Namnet har fleire variantar: Cissel, Sidsel, Sissel, Sissil.

Personar med namnet Sidsel

Kulturell bruk

  • «Sidsel Sidsærk og andre Kjærring-emner» (1903) er tittelen på ei bok av Hans Aanrud.

Kjende personar med namnet Sidsel

Eit utval personar med namnet Sidsel, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 140 kvinner i Noreg som hadde Sidsel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Sissel og Sidsel slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tostava usamansette kvinnenamn med ending på konsonant var mest brukte innanfor tidsrommet 1900–1959, til dømes Birgit, Bodil, Edel, Ellen, Lisbeth. Dette gjeld også Sissel (topp 1955–1959) og Sidsel (topp 1945–1954). Sidan år 1900 har Sissel vore brukt fire gongar meir enn den danske varianten Sidsel.

Utvikling i bruk av namnet Sidsel frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sidsel frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg