Faktaboks

Severin Eskeland
Lars Severin Eskeland
Fødd
31. mars 1880, Stord, Vestland
Død
18. juli 1964, Stord
Verke
Skulemann
Familie

Foreldre: Bonde Øystein Larsson Eskeland (1840–1933) og Mari Larsdotter Vatna (1844–1932).

Gift 1908 med Olga Dorothea Olsen (11.2.1886–22.10.1975), dotter til skipskaptein Martin Karinius Olsen (1856–1922) og Åsine («Sine») Adolfine Tomine Seehusen (1859–1916).

Far til Ivar Eskeland (1927–); bror til Lars Eskeland (1867–1942).

Severin Eskeland var ein norsk skulemann, bokmann, målmann. Han var den første som skreiv artiumsstil på landsmål og var i 30 år rektor ved lærarskulen på Stord.

Bakgrunn

Lars Severin Eskeland var fødd på Stord i Hordaland (no Vestland). Han var bror til Lars Eskeland. Han gjekk Voss folkehøgskule hos broren vinteren 1895–1896, tok lærarskulen på Stord i 1897–1900 og avla examen artium som privatist ved Hauges Minde i Kristiania i 1903. I åra 1903–1905 studerte han ved universitetet i Kristiania, men tok ikkje eksamen.

Frå 1903 til 1950 arbeidde han i lærarutdanninga. Han var ved lærarskulane i Oslo, Kristiansand, Notodden og Levanger fram til 1917, då han vart utnemnd til rektor ved Stord offentlege lærarskule, som han styrte til han gjekk av med pensjon i 1950.

Skulemannen

Etter å ha arbeidd i lærarutdanninga sidan 1903 vart Eskeland tilsett som rektor ved lærarskulen på Stord i 1917. I tida hans som rektor voks skulen mykje. I 1919–1922 kom det nye bygningar, to internat, gymnastikksal, rektorbustad og hus til lærarar. Han følgde kritisk med i nyare pedagogisk tenking, underviste sjølv i norsk og var ein språkmeister og markant pedagog.

Eskeland var oppteken av å skaffe lærebøker på nynorsk til lærarskulen. Han skreiv bøker i fysikk, historie og norsk, aleine eller saman med andre. Mest kjend er nok Lærebok i gamalnorsk (1910, saman med Knut Liestøl), som kom i mange utgåver, den siste i 1965. I 1951 førde han vidare Søren Nordeides Soga om oppseding og skule.

Saman med broren Lars redigerte han i 1912 Lesebok for ungdomsskulen, som kom i fem utgåver. Han hadde studiereiser til Tyskland, Sveits og Frankrike. Frå 1925 til 1934 var han formann i samskipnaden for lærarskulelærarar, Lærerskolelærernes Landsforening.

Politisk ståstad

I yngre år sokna han til Venstre, men byrja tvile på partipolitikken og var i 1925 med og organiserte Fedrelandslaget. Han melde seg ut av laget på 1930-talet. I 1930-åra organiserte han òg Stord Forsvarslag. Då okkupasjonen kom i 1940, viste han stor handlekraft som ordførar. I 1942 vart han fråteken ordførarvervet, avsett som rektor ved lærarskulen og forvist frå Vestlandet. 17. mai 1945 var han attende på Stord, heldt talen for dagen, slik han òg hadde gjort 17. mai 1905.

Bokmannen, redaktøren og talaren

Eskeland omsette bokverk frå engelsk, fransk, tysk og norrønt. Alt i 1906 kom Ferdi til Lilliput-land, i 1908 følgde Hytta hans farbror Tom, i 1911 Fritz Reuters Bygdaliv og i 1913 Tristam og Isond. Mange år seinare, i 1941,gav han ut Framandfolk i norsk målbunad, forteljingar av Daudet, Maupassant og andre franske forfattarar. Frå norrønt sette hanom Soga um Ragnar Lodbrok og sønene hans og Soga um Eirik Raude.

Han skreiv biografiar om Rasmus Løland, Thomas von Westen, Lenin, Thomas More og Christian Vidsteen. Han stod for utgjevinga av Per Sivles skrifter i tre band i 1909. Han skreiv òg lokalhistoriske arbeid, mellom anna jubileumsskriftet Det Hardanger–Sunnhordlandske Dampskipsselskap 75 år – 1880–1955.

I 1913–1919 var han redaktør for For Bygd og By, det første familiebladet på landsmål, skipa i 1912. Han redigerte òg Den 7de Juni, eit kulturorgan med tilknyting til Fedrelandslaget som kom ut i 1929–1931. Han forfatta òg ei mengd artiklar i Den 17de Mai, Gula Tidend og andre blad og tidsskrift.

I 1919 gav han ut Framandordbok, ei ordbok med åtte–nitusen oppslagsord. Det var den første framandordboka på landsmål. Under pseudonym kom i 1924 forteljingane Fossekraft og andre uskyldige ting. Forvist frå Vestlandet publiserte han i 1944 Romanskriving, ei bok i tre lærebrev utgitt av «Forfattarskulen, Oslo». Det andre lærebrevet er ei innføring romanhandverket.

Liksom broren Lars var han ein mykje brukt talar. Han heldt tallause festtalar, førelesingar og kåseri. I ordskifte var han til tider ein stor polemikar.

Målmannen

Gjennom den eldre broren Lars fekk Severin tidleg kjennskap til målrørsla. Då han tok artium i 1903, var han den første i landet som skreiv norskstilen på landsmål, og han fekk beste karakter. Året etter, i 1904, gav han ut Reglar og rettleidingar i norsk maalbruk, den første boka i sitt slag for landsmål. Gjennom heile livet arbeidde han for å fremje det nynorske skriftspråket. I unge år arbeidde han både for Målkassa og Den 17de Mai.

Han var nestleiar i Noregs Mållag i 1915–1918, formann i Norsk Måldyrkingslag i 1947–1950, styremedlem i Vestlandske Mållag i 1945–1948, sat i styret for Gula Tidend og i rådet for Norsk Allkunnebok, som han var med og utarbeidde retningslinjer for. Han var æresmedlem i Noregs Mållag, Vestlandske Mållag og Vestmannalaget.

Då han vart forvist frå Vestlandet, slo han seg ned i Asker, dreiv med litterært arbeid og var lærar ved den nynorske Fram Brevskule. Han stod for ein klassisk nynorsk og gjekk mot 1938-rettskrivinga, som hadde tilnærming til bokmål og ikkje-vestlandske dialektar som ei av målsetjingane. «Blandingsmål» kalla han tilnærmingsmålet i føreordet til 1940-utgåva av Reglar og rettleidingar i norsk målbruk. Han la elles vekt på å bruke ord som hadde rot i talemålet.

Andre verv og engasjement

På Stord hadde han mange verv, sat i skulestyret, var varaordførar i 1932–1934 og ordførar i 1935–1942. I mange år var han styremedlem i Hardanger–Sunnhordlandske Dampskipsselskap, og han sat òg i styret i Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag.

Utmerkingar

Eskeland vart i 1949 utnemnd til riddar av den islandske Falkeordenen. I 1951 vart han heidra som riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Utgjevingar i utval

  • Framandfolk i norsk målbunad (1941)
  • Framandordbok (1919)
  • Lærebok i gammalnorsk (1965) (saman med Knut Liestøl)
  • Reglar og rettleidingar i norsk maalbruk (1904)
  • Reglar og rettleidingar i norsk målbruk (1940)
  • Romanskriving (1944)
  • Tristam og Isond. Ein roman um elskhug etter gamle kjelder (1913)
  • Vladimir Lenin. Ei stridssoga (1929)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Karl Bakke (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1952
  • Jørgen H. Berner og Trygve Aalheim (red.): Studentene fra 1903. Oslo 1953
  • Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
  • Hallvard Framnes mfl. (red.): Vestlandske Mållag 1904–1954. Bjørgvin 1954
  • Arnfinn Haga mfl. (red.): Severin Eskeland. Vestlandske Mållag. Bergen 1972
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
  • Andreas Nordland: Hårde tider. Fedrelandslaget i norsk politikk. Oslo 1973

Faktaboks

Severin Eskeland
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392050962

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg