Faktaboks

Setesdølen
Offisielt namn
AS SETESDØLEN
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Bygland
Dagleg leiar
Sigurd Haugsgjerd
Styreleiar
Sigurd Haugsgjerd
Logo
Logo
Av .

Setesdølen er ei partipolitisk uavhengig lokalavis for Setesdal, skipa i 1975. Avisa Setesdølen er talerøyr for distriktsinteresser, med vekt på sameksistens mellom by og land. Bygdeturisme, bygdeutvikling og busetnad i distrikta er såleis viktige saker for avisa, i tillegg til å følgje opp det lokale næringslivet.

Historie

Den første utgåva av Setesdølen kom 23. januar 1975. Avisa vart etablert på bakgrunn av eit privat initiativ frå Helge Lien frå Kristiansand. Den første redaktøren var Helge Arild Bolstad. Bak prosjektet stod det eit interkommunalt massemedieutval som hadde tre prioriterte oppgåver: å få NRK til å opprette eit lokalkontor for Setesdal, å auke nynorskdelen i Fædrelandsvennen, og å sørgje for at Setesdal fekk si eiga lokalavis på nynorsk. Setesdølen har i dag nynorsk som redaksjonsspråk.

Erfaringa viser at kommunale komitear ofte får problem når dei skal starte avis. Redaktøren og forretningsføraren som vart tilsett i 1975, slutta begge etter mindre enn eitt år. Deretter byrja Sigurd Haugsgjerd som ny redaktør, medan Anne Bygland vart forretningsførar. Haugsgjerd var då 24 år og hadde bakgrunn frå nynorskavisa Gula Tidend. Då Haugsgjerd i 1979 hadde permisjon for å arbeide i Dagsnytt NRK, vikarierte Paal Vollen, Bjørn Lothe og seinare Gunnar Stubseid som redaktørar i nokre månader.

Tre år etter at Haugsgjerd tok over som redaktør, hadde Setesdølen eit godkjent opplag på litt over 3100. I 1985 var det over 4000. Sidan dei fire kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Bykle og Valle då hadde 2500 hushald til saman, var dette ein oppsiktsvekkjande suksess. Forklaringa er at Setesdølen heilt frå starten vart ei viktig avis for mange utflytta setesdølar. Spreiingstal frå 1984 viser at nesten halvparten av opplaget gjekk ut av Setesdalen.

Etter nokre års drift vart det interkommunale aksjeselskapet AS Setesdølen etablert, med dei fire kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes som eigarar av avisa. Etter at reglane for pressestøtte vart endra i 1998, har kommunane selt seg gradvis ut. I 2012 vart Sigurd Haugsgjerd og Anne Bygland eigarar av avisa.

Setesdal er eit heilt spesielt avisdistrikt. Området har ein felles lokal identitet, felles dialekt og felles historie. Bygland, Valle og Bykle er dessutan kraftkommunar med god økonomi. Ulempene er at området er stort og spreidd folkesett, at det er delt på fire ulike kommunar, og at folketalet har gått tilbake sidan midten av 1980-talet.

Opplagstalet til Setesdølen har hovudsakleg auka sidan avisa starta, trass minkande innbyggjartal i Setesdal. Forklaringa ligg i ei ueinsarta lesargruppe, med ei blanding av fastbuande og hytteeigarar i nærområdet, i tillegg til utflytta setesdølar. I tillegg har avisa ekspandert i nabokommunen Åseral i tidlegare Vest-Agder. Setesdølen sitt stabile opplag gjennom ei årrekkje har gjort at konkurrentar som Fædrelandsvennen ikkje har utfordra posisjonen til avisa.

Opplag

Opplagstall for Setesdølen, 1986-2022

1986 4102
1988 4155
1990 4188
1991 4190
1992 4222
1993 4224
1994 4213
1995 4419
1996 4483
1997 4534
1998 4542
1999 4523
2000 4524
2001 4521
2002 4515
2003 4509
2004 4562
2005 4543
2006 4618
2007 4618
2008 4742
2009 4824
2010 4676
2011 4635
2012 4636
2013 4553
2014 4408
2015 4192
2016 4393
2017 4145
2018 4076
2019 3987
2020 4007
2021 3897
2022 3751
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1979 3100
1984 3851
1990 4188
1998 4542
2008 4742
2015 4192
2020 4007

Til og med 2015 er opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir netto opplagstal brukt for digitalt abonnement og papirabonnement. Opplagstala er dei som vert rapporterte til Mediebedriftenes Landsforening i andre halvår.

Fakta

  • Fyrste nr. 25.1.1975.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010

Faktaboks

Setesdølen
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg