Serianna

Artikkelstart

Serianna er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Sirianna som kunne tolkast som ei samanskriving av dobbeltnamnet Siri Anna, men dette dobbeltnamnet førekjem svært sjeldan på 1700- og 1800-talet. Likevel er det truleg Anna som har lege til grunn for Sirianna, og -anna i Sirianna har då nærmast fått suffiksstatus – på same måte som Oleanna av Ole der -anna kan reknast som suffiks på linje med -ine i til dømes Oline av Ole.

Namnet har fleire variantar: Siriann, Sirianna, Sirianne, Serianna.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Serianna som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg