Semming

Artikkelstart

Semming er eit mannsnamn. Det er ein variant av Sæming som går tilbake til det norrøne Sæmingr. Namnet er avleidd med suffikset -ing av det norrøne adjektivet sámr som tyder ‘mørk’, eller av førenamnet Sámr i norrønt med same tyding.

Namnet har fleire variantar: Sæming, Semming.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Semming som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg