Faktaboks

Innbyggjartal
452 (SSB, 2023)
Landareal
0,4 km²
Tettstadsnummer
5247 Seim
Lindås

Lindås. Seim ved Seimsfjorden. En av Harald Hårfagres kongsgårder lå her. På gården Seim ligger ifølge tradisjonen Håkon den godes gravhaug. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Seim er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 452 innbyggjarar (2023).

Seim er òg eit sokn i Alver kommune, og omfattar områda rundt den inste delen av Seimsfjorden. Seim kyrkje, ei treskipa langkyrkje i lafta plank frå 1878, ligg like innanfor fjordbotnen.

Seim var ein av Harald Hårfagres kongsgardar. På garden Seim ligg etter tradisjonen gravhaugen til Håkon den gode.

På Vollom på vestsida av Seimsfjorden, rundt fire kilometer utanfor fjordbotnen, ligg den nordlegaste bøkeskogen i verda, sjå bøk.

Namnet kjem av norrønt Sæheimr, av sær, 'sjø'.

Kart

Seim
Seim
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg