Faktaboks

Innbyggjartal
4134 (SSB, 2023)
Landareal
4,1 km²
Tettstadsnummer
4661 Sauda
Sauda kyrkje.
Sauda kyrkje.

Sauda er ein tettstad i Sauda kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 4,1 km², og har 4134 innbyggjarar (2023).

Tettstaden er administrasjonssenter i Sauda kommune. I 1998 vedtok kommunestyret at tettstaden skulle ha bystatus.

I tettstaden ligg Sauda smelteverk, som med ulike eigarar har vore hjørnesteinsbedrift sidan 1923. Byen har bevart bygningar frå den fyrste bydannninga (Åbøbyen). Det er eit amerikanskinspirert boligområde reist for arbeidarar og funksjonærar ved Sauda Smelteverk frå 1916 og framover, til saman 120 bevarte hus.

Sauda har òg industriarbeidarmuseum (Ryfylkemuseet). Folkets hus frå 1913 er restaurert og utvida som Saudas kulturhus. Skulpturen «Ovnshusarbeiderene» av Svein-Tore Kleppan står utanfor smelteverket.

Sauda har vidaregående skule og ei trekyrkje frå 1866 som vart teikna av slottsarkitekten, H. D. F. Linstow.

Kart

Sauda
Sauda
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg