Sarah er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av det hebraiske Sara som tyder ‘fyrstinne’.

Namnet har fleire variantar: Sahra, Sara, Sarah, Zahra, Zara.

Kjende personar med namnet Sarah

Eit utval personar med namnet Sarah, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 425 kvinner i Noreg som hadde Sarah som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 57 jenter som fekk namnet Sarah.

Utvikling i bruk av namnet

Frå tidleg på 1800-talet gjekk Sara sakte tilbake inntil namnet nådde botnen i 1960-åra. Frå 1980-åra stig det bratt, og dette kan sjåast i samanheng med den internasjonale trenden med oppsving for bibelske namn (særleg mannsnamn) på denne tida. Sidan år 1900 har Sara, som står i den norske bibelen, vore brukt nesten tre gongar meir enn den internasjonale stavemåten Sarah. Andre døme på internasjonale stavemåtar av bibelske namn er Leah, Rebecca, Lucas, Marcus, Jacob og Isaac.

Utvikling i bruk av namnet Sarah frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sarah frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg