Faktaboks

Sandra Borch

Sandra Konstance Nygård Borch

Fødd
23. april 1988, Lavangen i Troms, Troms og Finnmark
Sandra Borch
Av /VG/NTB.

Sandra Borch er ein norsk politikar for Senterpartiet. Ho er sidan 2017 stortingsrepresentant frå Troms og frå 2021 til 2024 statsråd i regjeringa Støre. Frå 2021 til 2023 var ho landbruks- og matminister og frå 2023 til 2024 forskings- og høgare utdanningsminister.

Bakgrunn

Sandra Konstance Nygård Borch er fødd i Lavangen i Troms. Ho gjekk på Sjøvegan videregående skole i 2004–2007 og tok mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø (UiT Noregs arktiske universitet) i 2012 (annullert 2024, sjå nedanfor). I perioden 2015–2017 var ho rådgivar i arbeidstakarorganisasjonen Parat i Tromsø.

Politisk karriere

Borch var leiar av Troms Senterungdom 2007–2009, medlem av sentralstyret i Senterungdommen frå 2009, først som internasjonal leiar i Senterungdommen 2009–2010, deretter som nestleiar 2010–2011 og så som leiar 2011-2013. Borch varsla etter valet i september 2013 at ho ikkje ville ta attval som leiar for Senterungdommen fordi ho meinte at ho ikkje fekk gjennomslag politisk i ungdomspartiet og at Senterpartiet ikkje var opent for nye tankar.

Borch har vore kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Lavangen frå 2007 til 2011 og medlem av fylkestinget i Troms frå 2011 til 2019. Ho er òg medlem av Tromsø kommunestyre frå 2015. I perioden 2009–2013 var Sandra Borch vararepresentant til Stortinget. Sidan 2017 har ho vore stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Troms. Ho var medlem av Stortingets energi- og miljøkomite i åra 2017–2021.

Borch er ein engasjert og til dels kontroversiell, frittalande og markant politikar. Ho har fått kritikk i media på grunn av politiske utspel som går på tvers av partilinja. Borch har i tillegg opplevd mykje hets på grunn av at ho er kortvaksen. Dette førte til at ho trekte seg frå politikken for ein periode.

Borch arbeider mellom anna for å få Noreg ut av Schengensamarbeidet, ho vil ha folkeavrøysting om EØS-avtalen og strengare grensekontroll.

Avgang

Foto av Sandra Borch
Sandra Borch kunngjorde sin avgang som forsknings- og høyere utdanningsminister 19. januar 2024.
Foto av Sandra Borch
Av /NTB.

Sandra Borch trekte seg som statsråd i 2024 etter at det vart avslørt at delar av masteroppgåva hennar i rettsvitskap inneheldt stoff frå tidlegare oppgåver levert av andre studentar utan at dei vart oppgitt som kjelde. Avsnitta var til dels kopiert ordrett frå dei tidlegare oppgåvene. Masteroppgåva vart seinare annullert av Universitetet i Tromsø.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg