Faktaboks

Innbyggjartal
1203 (SSB, 2023)
Landareal
1 km²
Tettstadsnummer
4651 Sand
Sandsfossen og Høsebrua.
Sandsfossen og Høsebrua.

Sand er ein tettstad i Suldal kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 1203 innbyggjarar (2023).

Sand er administrasjonssenter i Suldal kommune, og ligg på sørsida av Sandsfjorden, ved munninga av Suldalslågen. Sand har noko småindustri, mellom anna trevare- og verkstadsindustri. Staden har elles mykje handelsverksemd og turisttrafikk.

Riksveg 13 Ryfylkevegen går gjennom Sand og gjennom Suldal nordover til E134 i Røldal i Ullensvang kommune. Vegen er ein del av Nasjonal turistveg Ryfylke. Riksveg 13 held fram nordover gjennom Hardanger og Voss til riksveg 5 på Moskog i Førde i Sunnfjord. Tidlegare gjekk det ferje frå Sand til Ropeid på vestsida av Sandsfjorden; herfrå fører fylkesveg 46 vestover til E134 på Knapphus i Vindafjord. Ferjesambandet Sand-Ropeid vart i 2015 erstatta med bruer over Sandsfjorden der denne er smalast, rundt 12 kilometer sørvest for Sand (Sandsfjordbrua/Åsarøybrua). Frå Ropeid går det elles veg nordaustover til Sauda (fylkesveg 520); i sumarhalvåret òg over fjellet til Røldal.

Sand er stoppestad for hurtigbåtruta SaudaStavanger. Tettstaden har vidaregåande skule med fleire liner, og her hovudsete for Ryfylkemuseet med mellom anna folkemusikkarkiv. Sand kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1852 av Linstow type. Sand var på 1800-talet kjend for treskipsbyggjeria sine, men desse er no forsvunne. Derimot ligg «Brødrene af Sand», en 150 år gammel restaurert Ryfylke-jekt ved kai i Sand om sommeren. I Sand har Turistvegprosjektet anlagt den spektakulære Høsebrua over Sandsfossen.

Namnet er etter sandstrekninga ved utløpet av Suldalslågen i fjorden.

Kart

Sand
Sand
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg