Samuline Seljeset var ein felespelar frå Hornindal i Nordfjord. I dag er ho rekna som ei av dei mest vidgjetne felespelarar frå Nord-Vestlandet. Samuline Seljeset var ei av mange framifrå kvinner som spelte fele frå Nordfjord på 1700- og 1800-talet.

Slåttar knytte til kvinner er heller sjeldan i folkemusikkrepertoaret, men etter Samuline Seljeset finst det fleire slåttar som er svært mykje bruka endå i dag som: Samulinespringaren etter Samuline Seljeset, tre ulike Springar etter Samuline Seljeset og Bruremarsj etter Samuline Seljeset.

Oppvekst og læretid

Samuline Seljeset vaks opp på garden Muldsvor i Hornindal, på grensa til Sunnmøre. Foreldra hennar heitte Anders Rasmusson Kirkhorn «Kjørkjønns-Anders» (1760-1841) og Anne Olsdotter Solheim (1764-1819). Samuline var den neste yngste i ein syskenflokk på åtte, og hennar to eldre systrer, Ingeborg Muldsvor (1790-1877) og Synneve Muldsvor (1791-1861), og bror Rasmus Andersson Muldsvor (1800-1882), spelte også fele. Om Samuline står det skildra i boka Spelemenn av S. H. Geitvik:

«(…) her fortelst det at medan karane dreiv og spela, gjekk gjenta ikring og lydde på, og det var ho som vart den verkelege spelemannen».

Samuline Seljeset og bror hennar skal båe ha lært å spela av ein omreisande spelemann kalla «Blinde-Rasmus». Han var truleg av taterslekt og ferdast i Hornindal og omland i meir enn førti år. Samuline må ha vore ein gåverik elev då ho fekk ei fele av sin læremeister: «Det skulde vera ei svært ljosfarga fele og ho vart jamleg kalla «Blinde-Rasmus-fela».

Fleire andre felespelarar lærte også av «Blinde-Rasmus», til dømes den vidgjetne Magne Maurset (1824-1916) frå Markane i Hornindal. Magne Maurset hadde forøvrig ei bestemor, mor, to tanter og eit syskenborn som var alle spelkvinner. Den eine tanta hans var til dømes Marte Olsdotter Støverstein (1797-1885) (g. Bjørdal), mest kjend som «Bø-Mari» og som det finst slåttar etter. Ho vaks opp på fjellgarden Støverstein, ikkje lange gangen frå der Samuline Seljeset sjølv kom frå. Frå Støverstein ætta også den vidgjetne «Kvakksalver-Guri», Guri Gabrielsdotter Støverstein (1774-1860) (g. Lauvås), men busette seg i vaksen alder på Sunnmøre.

Ein kjenner ikkje konkret til andre læremeistrar Samuline Seljeset hadde. Sannsynleg lærte ho av både sysken og grannar elles i si levetid, då folk som kunne spela levde tett i same hus, gardar og tun, og folkemusikken var framleis ein viktig del av folk sin kvardag og høgtid.

Kvinner som bryllaup- og dansespelar

Spelemannen var framleis høgt akta i Hornindal og omland den tid Samuline Seljeset vaks opp. Dei sentrale seremonielle oppgåvene som å spela i bryllaup, har til liks med instrumenta fele og hardingfele, tradisjonelt vore knytt til mannen. Bygda Hornindal og omland skil seg såleis frå det etablerte biletet då mange kvinner tente som danse- og bryllaupsspelarar i bygda på 1700- og 1800-talet. Samuline Seljeset var ei av desse sentrale og etterspurde spelarane både lokalt og i andre grannebygder. Det står skildra om eit lag i Hornindal:

«Her var eit bryllaup, og då høvde det slik at mor til brura og mor til brudgommen var spelemenn begge to. Den eine var Samuline Seljeset. Då folket kom heimatt frå kyrkja, var det begge konene som spelte brurefølgjet til gards; dei kom stigande her oppover vollane og spelte med fynd og klem!»

Ein finn generelt uvanleg mange kvinnelege felespelarar i Nordfjord og på Sunnmøre i dei nemnde århundra, og kan tyde på at; feletradisjonen og oppgåvene knytt til han, vart delt mellom menn og kvinner meir likeverdig i Samuline Seljeset si levetid enn på seint 1800-talet og i fyrste halvdel av 1900. Då er kvinnelege felespelarar meir eller mindre fråverande i den levande feletradisjonen i Noreg. Iallfall som offentlege spelarar.

Spelkvinner og inntening

At Samuline var etterspurd som bryllaupsspelar likte ikkje alle hennar samtidige spelkollegaer like godt. Spelemannen Lars Knudsen Kroken (1807-1889), også kalla «Kroka-Lars», skal ha blitt fornærma då han høyrde at Samuline vart spurd om å spela i eit bryllaup i Hornindal og ikkje han. Samuline sitt uttrykk som felespelar har blitt samanlikna nettopp med storspelaren «Kroka-Lars», der dei hadde mykje av det same repertoar og dåm, men at «ho Samuline skal ha spela finare».

Lars Knudsen Kroken si svartsjuke kan skuldast at speling i bryllaup hadde i seg sjølv stor status. Det kunne også skuldast at for dei mest etterspurde spelarar var bryllaupa ei svært viktig inntektskjelde. Om Samuline Seljeset og andre kvinner tente konkrete pengar, eller fekk løn i form av naturalia, kjenner ein ikkje til, med unntak av felespelaren Guri Olsdotter Mevold (1842-96) på Sunnmøre. Det står at: «Når Samuline skulde ut på speling var mannen hennar sur og gretten, han lika ikkje dette. Då laut han sjølv stella huset og passe borna». Munnlege kjelder fortel også at ho kom ofte på spelferd ridande på hest med eit born i ein bylt om kroppen. I eit slikt perspektiv er det sannsynleg å tru at hennar spelferder må ha vore ei føremon for deira familieliv også økonomisk, og ikkje berre noko ho utøvde for eigen glede åleine. Om Samuline Seljeset og andre samtidige spelkvinner faktisk tente pengar til liks med andre mannlege spelarar, er det nokså progressivt i ei tid der kvinner elles vart rekna som umyndig.

Ei av sogene om ho som ber preg av ovundring istaden for konkurranse er då ho spelte til seg eit storeplagg. Det seiest at storspelaren Jakup Lom «Loms-Jakup» (1821-1876) frå Skjåk i Gudbrandsdalen kom forbi huset hennar og såg ei fele hang på veggen. Han spurde Samuline om nokon i huset kunne spela. Samuline skal ha svara litt lågmælt at «ho gnika litt», og «Loms-Jakup» utfordra ho så med å seie: «Ja, kan du spela meg ein god springar så skal du få dette storeplagget». Samuline spelte så ein springar, visstnok ein av «Loms-Jakup» sine eigne, seiest det, så overtydande godt at han gav ho storeplagget som takk med same etterpå.

Etterkommarar

Samuline Seljeset vart 10. juli 1825 gift med Elling Anderson Seljeset, og dei busette seg på garden Seljeset, litt lenger nede i dalen frå der ho vaks opp. Saman fekk dei ni born, men fire av dei døydde unge.

Mange etterkommarar til Samuline Seljeset vart også felespelarar og songarar. Mellom andre sonen hennar Elling Ola (f. 1851), trass i at Samuline skal ha kvesst til guten sin når han var ung: «Nei, ilt endan so trur eg du lærer å spela i dine verdens dage». Seinare vart han gift med Oline Øygard og flytta til Eidsdal. Han spela i mange bryllaup i si levetid. Fela hennar Samuline Seljeset skal ha hamna ut i Ytterdal i Eidsdal, ifølgje Geitvik, der sonen flytta. I dag veit me ikkje sikkert kvar fela er blitt av, men det er ikkje utenkjeleg at fela følgde sonen.

Samuline var elles også bestemor til songaren Elling Seljeset, og oldemor til dei fire brørne Hjellbakk der alle spela. Den mest kjende av desse var Lars Hjellbakk (1889-1976), som mellom anna var ei viktig kjelde til boka Spelemenn. Andre spelarar i slekta er også Svein Hjellbakk og seinare Synnøve Hjellbakk Hole og Gunn Gausemel som spelar i gruppa Honndalstausene. Også i ætta etter bror hennar, Rasmus Andersson Muldsvor, finst der spelarar som til dømes Britt Pernille Frøholm (f. 1978) frå Hornindal.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur  

  • B. Engeset: Kvinnelege spelemenn, artikkel til LP-en Honndalstausene, 1988.
  • J. Fet: Folkemusikken i Møre og Romsdal, 1999.
  • K. S. Seljesæter/P. O. Tomasgard: Hornindal. Nordfjord. Ættelister for kvar gard i bygda, 1966/1989.
  • Kvinnestemmer.net / Fylkesarkivet i Sogn og fjordane: Samuline Seljeset – felespelar før pietismen.
  • S. H. Geitvik: Spelemenn, 1938/1952.
  • S. Moldestad: Artikkel til CD-utgjevinga Taus, 2007.
  • S. Moldestad: «Ho spelte så vakkert at sjølv fuglane lydde» – kvinnelige spelemenn i Nordfjord og på Sunnmøre, artikkel i Jul i Nordfjord, 2008.

Eksterne lenkjer

Slåttar etter Samuline Seljeset

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg