Skule-heim-samarbeid er eit overordna omgrep for forholdet mellom skule og heim og skildrar eit gjensidig og likeverdig forhold mellom partane. Det er ingen eintydig definisjon av skule-heim-samarbeidet verken i forskingslitteraturen eller i lover og føreskrifter.

Samarbeid mellom skule og heim er sentralt både for at den einskilde eleven kan unytte læringspotensialet sitt og for å skape gode læringsmiljø i elevgruppa og på skulen elles. Skulen har ansvar for å legge til rette for samarbeidet. I samarbeidet vil gjensidig kommunikasjon om elevane si faglege og sosiale utvikling vere sentral. Likeins elevane sin trivsel og andre psykososiale forhold. Samarbeidet mellom skule og heim er sentralt i heile grunnskulen og for elevar i vidaregåande opplæring som ikkje er myndige.

Skule-heim-samarbeid er ein sentral del av arbeidet med utvikling av læringsmiljøet i skulen.

Lov- og planverk

Foreldre har fått ei stadig sterkare rolle i det norske skuleverket. Foreldra har hovudansvar for oppsedinga av barna, men skulen skal hjelpe til. Det krev samarbeid mellom skulen og heimen.

Samarbeidet mellom skule og heim er såleis forankra i opplæringslova og læreplanverket. Det er eit gjensidig ansvar, men skulen skal ta initiativ til og legge til rette for samarbeidet. Foreldre/føresette skal ha reelt høve til å påverke i høve til eigne barn si utvikling fagleg og sosialt. Skulen er den profesjonelle parten i samarbeidet, noko som gir lærarane eit særleg ansvar for å legge til rette for eit konstruktivt samarbeid. Samstundes har foreldre både rett og plikt til medverknad i skulen. Heimen skal til dømes få informasjon om opplæringa, arbeidsmåtar og vurderingsformer som vert nytta. Det skal òg leggast til rette for at foreldre/føresette får nødvendig innsikt for å kunne delta i reelle drøftingar om utviklinga av skulen.

I Stortingsmeldinga Kvalitet i skolen (2007-2008) vert det understreka at både foreldre og lærarar må få auka medvit kring betydninga dei har for elevane si utvikling. For at samarbeidet skal gi positiv effekt, er det nødvendig at partane kjenner til kvarandre sine ansvarsområder, ulike roller og forventningar.

Teoretisk forankring og forsking

Godt samarbeid mellom skule og heim, der foreldre har ei aktiv rolla har vist positiv innverknad for barn og unge både fagleg og sosialt. Det gir betre læringsutbytte, betre trivsel, færre åtferdsproblem, mindre fråvær og betre relasjonar både til medelevar og lærarar. Foreldre/føresette sitt engasjement for elevane sitt læringsmiljø forklarer langt på veg variasjon i elevane sine faglege prestasjonar. Det er særleg den støtte og oppfølging foreldre gir barna heime som er av betydning, i tillegg til det engasjementet dei viser i det direkte samarbeidet med skulen.

Forsking kring skule-heim-samarbeid er gjerne forankra i eit systemteoretisk perspektiv der ein ser eleven som del av fleire mikrosystem, som til dømes skule, familie, vener og nærmiljø.

Utviklingsøkologisk teori skildrar menneskeleg utvikling som ein gjensidig interaksjon mellom ulike system eller nivå. Godt samarbeid mellom skule og heim kan etter dette perspektivet ha positiv innverknad på utviklinga til den einskilde eleven ved at foreldre/føresette legg til rette for at eleven kan utnytte sine føresetnadar for læring. Mikronivået skildrar alle stadar eller arenaer der barnet sjølv er tilstades, til dømes barnet i skulen, barnet i heimen, mellom vener og i nærmiljøet. Mesonivået skildrar det systemet som bind saman dei ulike mikroarenaene, til dømes der skule og heim samarbeider. Eksonivået, som omfattar til dømes skulemiljøet og lærarane sine arbeidstilhøve, kan òg ha innverknad på kvaliteten av samarbeid mellom skule og heim, til dømes ved at faktorar i skulen fremmar eller hemmar lærarar si involvering i samarbeid. Likeins kan makronivået som omfattar politikk, lovverk og normer i samfunnet, slik det er vist ovanfor, ha innverknad på samarbeidet.

Dei ytre systema (ekso og makro) set rammer og gir grenser i samarbeidet i dei to andre systema som eleven er i direkte kontakt med. Ei slik teoretisk forankring av samarbeid mellom skule og heim inneber ei forståing av at «alt påverkar alt». Lærarar, foreldre og elevar inngår i eit system der kvart møte påverkar alle dei andre møta, som igjen vert påverka av leiinga ved skulen og i organisasjonen. Ein ser heilskapleg på samarbeid mellom skule og heim for å få ei djupare forståing av samarbeidet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bronfenbrenner, U. (1979). The ecology of human development: Experiments by nature and design. Cambrigde: Harvard University Press.
  • Bronfenbrenner, U. (2005). Making human beings human: bioecological perspectives on human development. Thousand Oaks: Sage Publications.
  • Desforges, C. & Abouchaar, A. (2003). The development of parental involvement, parental support and family education on pupil achievements and adjustment: A Litterature Review. Nottingham: DFES Publications, RR433
  • Hattie, J. (2009): Visible learning. A synthesis of over 800 meta-analyses relating to achievement. New York: Routledge.
  • Jensen, J. & Jensen, H. (2007) Professionelt forældresamarbejde. København: Akademisk Forlag.
  • Westergård, E. (2010). Parental disillusionment with school. Stavanger: PhD Thesis UiS no. 103, 2010.
  • Westergård, E. (2011). «Skolens møte med foreldrenes behov». I Midthassel, U., Bru, E., Ertesvåg, S.K. og Roland, E.(red) Tidlig intervensjon og systemretta arbeid. Oslo, Universitetsforlaget. 34–50
  • Westergård, E. (2015). «Implementering av “den utfordrende samtalen” mellom foreldre og lærere». I Roland, P og Westergård, E. (red) Implementering. Å omsette teorier, aktivitetet og strukturer i praksis. Oslo, Universitetsforlaget. 136-150.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg