Søvik er ein tettstad i kommunane Bjørnafjorden og Bergen i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 1599 innbyggjarar (2023); 77,8 prosent i Bjørnafjorden, 22,2 prosent i Bergen.
Søvik ligg ved Seiasundet innanfor Lysøya. Sidan 2013 har tettstaden òg omfatta den tidlegare sjølvstendige tettstaden Nordvik på grensa til Bergen. Etter dette omfattar Søvik tettstad heile det utbygde området langs Seiasundet frå Salbuvika i sør til botnen av Nordvika i nord og omfattar område både i Os og Bergen kommunar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.