Avishode Søndre Bergenhus Amtstidende
Avishode Søndre Bergenhus Amtstidende
Norsk presses historie.
Framsida av Søndre Bergenhus Amtstidende

Fyrste nummer av Søndre Bergenhus Amtstidende 11. januar 1878.

Framsida av Søndre Bergenhus Amtstidende
Nasjonalbilioteket .

Søndre Bergenhus Amtstidende var ei avis som kom ut fyrste gong i 1878. Avisa var eit framhald av avisa Vossingen, som kom ut på Voss frå 1871.

Avisa hadde røtene sine i utlandet og heitte først Wossingen då den var utgitt i Wisconsin, USA, før redaktøren tok bladet med heim til Voss. Seinare skifta nye eigarar både namn og politisk profil for avisa, og den konservative versjonen av avisa fekk ikkje noko langt liv.

Historie

Niels Torgersen Bakkethun starta avisa Vossingen.

Niels Torgersen Bakkethun (f. 1832) var 21 då han utvandra i 1853. I Leland, Wisconsin, etablerte han segs om boktrykkar. Seinare verva han seg for innsats i den amerikanske borgarkrigen. Etter borgarkrigen kom han heim til Voss. Han ville spreia nye idear. Norske Vossingen frå 1871 vart politisk fristilt og amtets første avis. Den same Niels var, indirekte, også opphavsmannen til amtets andre avis. Oddmund Børve møtte den heimvende norsk-amerikanaren i Bergen og blei oppmuntra til å starta Hardangeren, forløparen til Hordalands Folkeblad.

Niels Torgersen Bakkethun starta avisa Vossingen.
Norsk presses historie.

Vossingen

I 1857 kom avisa Wossingen ut i byen Leland i Wisconsin, USA. Bladet hadde undertittelen «Published by some vossings» og var det første norske bygdelagsorganet i Amerika. Mannen bak var den utvandra vossingen Niels T. Bakkethun. Kring 1870 vende Bakkethun heim til Noreg. Han såg at tida var moden for eit lokalblad i heimbygda, og tok til å gi ut Vossingen på faren sin gard Bakkethun, frå slutten av 1871.

Undertittelen til Vossingen var «tidligere udgivet to Aar i Amerika», og Bakkethun rekna etableringa på Voss som 3. årgang. Bakkethun starta den norske utgåva med nummer tretten, truleg som følgje av at siste Wossingen, som var eit månadsblad, kom ut i eit forseinka 1859-nummer på nyåret i 1860. Vossingen var utan partipolitisk feste, men opphavsmannen var idealist og hadde folkeopplysning høgast på dagsordenen.

Etter ei tid selde Bakkethun avisa og reiste attende til Amerika. Den nye eigaren var Ola Kindem, og kort etter blei Thorkjell Skjerve medeigar. Begge sokna til Johan Sverdrup sine liberale rørsle.

Søndre Bergenhus Amtstidende

Frå 11. januar 1878 fekk bladet ny eigar for fjerde gong, bokprentar Bertil J. Johannessen. Med nytt eigarskap kom nytt namn og ny partipolitisk tilknytning. Bladnamnet Vossingen blei bytta ut med Søndre Bergenhus Amtstidende, som straks erklærte seg lojal overfor dei konservative kreftene som seks år seinare danna partiet Høgre.

Dei neste ti åra skulle Søndre Bergenhus Amtstidende erfare at Voss mangla grunnlag for eit Høgre-blad. Fem år etter det politiske linjeskiftet var konkurrenten og Venstre-organet Vossebladet på beina, som frå 1893 vart avisa Hordaland. Etter nyttårsaftan 1891 vart den konservative avisa Søndre Bergenhus Amtstidende lagt ned.

Fakta

  • Vossingen: fyrste nr. utgjeve i USA, 1857. Siste nr. 31.12.1877.
  • Skifta namn til Søndre Bergenhus Amtstidende: fyrste nr. 11.1.1878. Siste nr. 31.12.1891.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg