Faktaboks

Rønnaug Kleiva
Fødd
30. november 1951, Vartdal
Rønnaug Kleiva
Av /Samlaget.

Rønnaug Kleiva er ein norsk forfattar, omsett til åtte språk. Ho skriv for barn, ungdom og vaksne.

Bakgrunn

Rønnaug Kleiva er fødd og oppvaksen i Vartdal kommune på Sunnmøre. Ho er utdanna lærer med grunnfag i idrett og mellomfag i norsk, og har jobba 15 år i skulen. Ho har også gjennomført forfattarstudiet i i Telemark. Kleiva debuterte som forfattar for vaksne med diktsamlinga Animasjon i 1985. Den første barneboka hennar kom i 1988.

Forfattarskapen

Uansett kva sjanger Kleiva skriv i, eller for kva målgruppe, har utgivingane hennar ei lyrisk og minimalistisk form. Tekstane er prega av augneblinksbilete og stemningar, og er sjeldan handlingsdrivne. Dette kjem av at sjølv om forteljarane hennar er kjølig og skarpt observerande, ligg perspektivet alltid tett på opplevinga til hovudpersonane av verda. Både når ho skriv for barn og for vaksne undersøkjer ho kva relasjonar mellom menneske kan tole, og ho skildrar ofte egosentriske og sårbare karakterar.

Barne- og ungdomslitteratur

I Kleiva sine første fem utgivingar for barn, skil tema og motiv seg frå resten av forfattarskapen. Bøkene er poetiske og knappe, men dei handlar om kvardag og trygge relasjonar. I dei to første barnebøkene hennar, Fuglane kor dei flyg (1988) og Kven sin dag er dette? (1989) skriv ho om solide og gode bestefedrar. I ungdomsromanen Plutseleg no (1990) og i biletboka Ein underleg vinter (1991), illustrert av Malgorzata Piotrowska, blir kvardagen problematisert, men begge hovudpersonar har ei mor som stiller opp. I barneboka Einmannsbåten (1993) er det bestemora den tolvårige hovudpersonen kan stole på.

Eg greier meg frå 1994, illustrert av Lars Elling, markerer eit skifte i forfattarskapen. Her målar forfattar og illustratør eit bilete av omsorgssvikt og einsemd, utan å prøve å forklare eller formilde den vaksnes åtferd overfor lesarane sine. Kleiva følgjer opp med Ikkje gløym å klappe katten i 1997, der ho utan omsvøp skildrar søskensjalusien til hovudpersonen Anna. Skilsmissebarnet Katja i Kjærleik på pinne frå Ouagadougou (1999) kjenner seg heller ikkje sett av dei vaksne rundt seg, og verken ho eller Anna er snille med omgivnadene sine. Også i dei to neste biletbøkene, Om dagen kan ein flyge (2001), illustrert av Akin Duzakin, og Eg rømmer (2005), illustrert av Inger Lise Belsvik, handlar det om foreldre som ikkje ser, og barn som testar dei vaksne sin kjærleik.

Dei to ungdomsromanane Andre sida av Paris (2007) og Vegen heim frå Sarajevo (2009) handlar begge om Susi. I første bok blir ho utsett for mobbing, i den andre omarbeider ho ei valdtekt. I 2014 skreiv Kleiva ein sceneversjon av Vegen heim frå Sarajevo. Den dramatiske teksten fekk tittelen Etter omleiringa og er ikkje sett opp, men gitt ut saman med to av Kleiva sine skodespel for vaksne i 2015. Romanen si samanlikninga mellom Susi og eit krigsherja land blir forsterka i den nye teksten.

Forfattarskap for vaksne

Kleiva har gitt ut to lyrikksamlingar etter debuten, Balansepunkt (1990) og I omnen er lamma (1995), og dessutan ei fagbok om greske gudar og gudinner i 1996, men forfattarskapen for vaksne består hovudsakleg av prosa- og dramatikkutgivingar.

Kleiva skriv nådelaus kortprosa der tekstane legg fram lita tru på relasjonane menneske imellom. Dei tre novellesamlingane Fangeteneste (2001), Ikkje for varmt, ikkje for kaldt (2008) og Western Desert (2017), og kortprosaen i Å fø fram ein kalv over vinteren (1986), La oss krysse Nilen (2005) og Notat vedrøyrande kjærleik (2010) inneheld alle presise og smertefulle observasjonar om forholdet mellom mann og kvinne, mellom barn og foreldre, og mellom venner. Fleire kritikarar trekkjer fram korleis Kleiva kombinerer kald distanse og intens sanselighet i tekstane sine. I romanane blir denne forteljarposisjonen brukt for å skrive fram eit destruktivt trekantforhold i Ingen reell fare (2003), i møte med ulike menneskelagnader i reiseskildringa Armenia, Albania, Argentina (2012), og når ho beskriv gløymsel i Liljene på stranda (2019).

Forfattaren har skrive ei rekkje dramatiske tekstar, og også her er ho språkleg og tematisk lett gjenkjenneleg. I tillegg til den nemnde samleutgivinga frå 2015, har Kvinner med fingermanualar i 2001, Ein ettermiddag i 2004, Vi skal ikkje gjere ting halvt lenger i 2011 komme ut i bokform. Kleiva sin dramatikk er sett opp på Dramatikkfestivalen i Oslo, Rogaland teater og spelt i NRKs radioteater. Ho var husdramatikar ved Dramatikkens hus i perioden 2013–2015.

Utmerkingar

For Plutseleg no fekk Kleiva Noregs mållags barnebokpris i 1990. I 1997 vart Ikkje gløym å klappe katten påskjønt med både Kritikerprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris. Kjærleik på pinne frå Ouagadougou var norsk vinnar i ein nordisk barnebokkonkurranse i 1999.

I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen i 1998 og Sigmund Skard-stipendet i 2003. Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela (no Festspela) i Ørsta i 2010.

Utgjevingar

  • Vinden og kattane (Ungdomsroman, Samlaget, 2021)
  • Liljene på stranda (Vaksenroman, Samlaget, 2019)
  • Western Desert (Noveller for vaksne, Samlaget, 2017)
  • Båtar på vatnet. Etter beleiringa. Så hyggeleg (Dramatikk, Transit, 2015)
  • Armenia, Albania, Argentina (Vaksenroman, Samlaget, 2012)
  • Vi skal ikkje gjere ting halvt lenger (Dramatikk, Transit, 2011)
  • Ikkje for varmt, ikkje for kaldt (Noveller for vaksne, Samlaget, 2010)
  • Notat vedrørande kjærleik (Kortprosa for vaksne, Samlaget, 2010)
  • Vegen heim frå Sarajevo (Vaksenroman, Samlaget, 2009)
  • Andre sida av Paris (Ungdomsbok, Samlaget, 2007)
  • La oss krysse Nilen (Kortprosa for vaksne, Samlaget, 2005)
  • Eg rømmer (Biletbok, Samlaget, 2005)
  • Ein ettermiddag (Dramatikk, Solum, 2004)
  • Ingen reell fare (Vaksenroman, Samlaget, 2003)
  • Fangeteneste (Prosa, Samlaget, 2001)
  • Om dagen kan ein flyge (Biletbok, Samlaget, 2001)
  • Kvinner med fingermanualar (Dramatikk, Solum, 2001)
  • Kjærleik på pinne fra Ouagadougou (Barnebok, Samlaget, 1999)
  • Ikkje gløym å klappe katten (Barnebok, Samlaget, 1997)
  • Greske gudar og gudinner (Fagbok for vaksne, Samlaget, 1996)
  • I ovnen er lammet (Lyrikk for vaksne, Cappelen. Samlaget, 1995)
  • Eg greier meg (Barnebok, Samlaget, 1994)
  • Einmannsbåten (Barnebok, Samlaget, 1993)
  • Balansepunkt (Lyrikk for vaksne, Samlaget, 1991)
  • Ein underleg vinter (Biletbok, Samlaget, 1991)
  • Plutseleg no (Ungdomsbok, 1990)
  • Kven sin dag er dette? (Barnebok, Samlaget, 1989)
  • Fuglane kor dei flyg (Barnebok, Samlaget, 1988)
  • Å fø fram ein kalv over vinteren (Kortprosa for vaksne, Samlaget, 1986)
  • Animasjon (Lyrikk for vaksne, Samlaget, 1985)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg