Faktaboks

Etymologi

av norrønt ‘krok, krå’ og vin ‘eng’.

Innbyggjartal
261 (SSB, 2023)
Landareal
0,5 km²
Tettstadsnummer
1721 Røn

Røn er ein tettstad i Vestre Slidre kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 261 innbyggjarar (2023).

Røn ligg 15 kilometer nordvest for Fagernes ved E16.

Røn er eit kyrkjesokn i Vestre Slidre. Røn er den synste bygda i kommunen, omkring søre delen av Slidrefjorden og nørdste delen av Strondafjorden; 900 innbyggarar (2024).

Jord- og skogbruk er viktige næringar. Elles er Røn kjent for rakfisk og Valdresost. Ystinga skjer ved meieriet på Fossheim ved nordenden av Strondafjorden (tidlegare Tines meieri).

Røn kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1774, og ligg nord for tettstaden. Frå gammalt var Røn to sokn; Fystro på austsida av vassdraget og Øye (Øyjar) på vestsida. Desse hadde kvar si stavkyrkje som vart rive og erstatta av den nye kyrkja på Røn. På kyrkjestaden på Øyjar vart det i 1964 reist eit kapell.

Kart

Røn
Røn
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg