Røldal
Fra Røldal. Stavkirken fra 1200-tallet er fortsatt bygdas soknekirke.
Røldal
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Røldal er eit sokn og ein tidlegare kommune i Hardanger, Vestland (tidlegare Hordaland) fylke. Frå 2020 høyrer Røldal saman med resten av tidlegare Odda kommune, likeså tidlegare Jondal kommune til den nye Ullensvang kommune. Røldal sokn, som svarer til den tidlegare kommunen og utgjer 719 kvadratkilometer, har 433 innbyggjarar (2023). Det meste av busetjinga i bygda finn ein nord for Røldalsvatnet; her finn ein óg tettstaden Røldal.

Røldal har mykje turisttrafikk. Røldal Skisenter ligg i fjellet på vestsida av Røldalsvatnet, ved E134 nær munningen av Røldalstunnelen. Røldal stavkyrkje er særleg kjend for segnene om det undergjerande krusifikset. Nær stavkyrkja ligg Røldal bygdemuseum.

Røldal har stor kraftutbygging, sjå Røldal-Suldal-utbygginga.

Historikk

Røldal kommune vart oppretta i 1837 då det lokale sjølvstyret vart innført, og han hadde uendra grenser heilt til han vart samanslått med Odda i 1964. Røldal hadde 676 innbyggjarar ved samanslåinga. Røldal høyrde til Stavanger Amt (Rogaland) fram til 1848 då det vart overført til Søndre Bergenhus Amt (Hordaland).

Natur

Røldal ligg lengst søraust i Vestland fylke og grenser til Sauda og Suldal i Rogaland i sørvest og sør; og Vinje i Telemark i aust. Sentralt i bygda ligg Røldalsvatnet (363–380 meter over havet) som høyrer til Suldalsvassdraget. På båe sider av vatnet er det høge fjell. Høgast når fjella i Røldal lengst i nordaust der Sandfloegga med 1721 meter over havet er Hardangerviddas høgaste fjell etter Hardangerjøkulen. Like søraust for Røldalsvatnet, på grensa til Suldal, ligg Noregs sørlegaste bre, Breifonn. Breen har si største høgd i sør der breoverflata når vel 1570 meter over havet.

Samferdsel

E134 (Vassum i ÅsDrammenHaukelifjellHaugesund) er eit av hovudsambanda mellom Austlandet og Vestlandet. Frå Røldal fører to vegar sørover til Ryfylke: Riksveg 13 (indre stamveg på Vestlandet) går ned Brattlandsdalen til Suldal, og fylkesveg 520 går over fjellet sørvestover til Sauda (vinterstengt mellom Røldal og Hellandsbygd).

Namnet

Namnet vart skrive noko ulikt i norrøn tid, blant anna Rærykdal (1462) og Røgædal (1501). Fleire tolkingar er moglege, mellom anna avleiing av namnet på hovudelva gjennom bygda, Røyrga, som er avleidd av adjektivet røyrugr, anten av røyrr, 'steindunge' eller 'siv'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg