Faktaboks

Innbyggjartal
507 (SSB, 2023)
Landareal
0,7 km²
Tettstadsnummer
2171 Rødberg

Rødberg er ein tettstad i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 507 innbyggjarar (2023).

Rødberg er administrasjonssenter i Nore og Uvdal kommune, og er den største tettstaden i Numedal (utanom Kongsberg).

Rødberg ligg like nedenfor samløpet av Uvdalselva (Uvdalsåe) og Smådøla, i nordenden av Rødbergdammen. Ved bredden av den ligg kraftstasjonen Nore I, 3 km mot søraust Nore II (sjå Nore kraftverk), 1 km mot sør, inne i fjellet, Uvdal II. Frå Rødberg strekk og seterdalen Smådøldalen seg nordover.

Rødberg var tidlegare endestasjon for Numedalsbanen. Fylkesveg 40 LarvikKongsbergGeilo går gjennom tettstaden; herfrå går òg fylkesveg 2806 via Tunhovd til Skurdalen i Hol (fylkesveg 40). Frå Tunhovd går fylkesveg 2910 gjennom Rukkedalen til Nesbyen i Hallingdal (fylkesveg 214).

Namnet kjem av adjektivet 'raud', siktar til koparfarga berg.

Kart

Rødberg
Rødberg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg