Artikkelstart
Rygja Tidend var ei av dei første nynorskavisene i Rogaland, skipa av Bondeungdomslaget i 1908. Avisa gjekk inn i 1918.
Rygja Tidend kom med eit prøvenummer i Stavanger 18. desember 1908, og det første ordinære nummeret kom 8. januar 1909, med læraren og diktaren Einride Tveito som første redaktør. Utgivar var Bondeungdomslaget i Stavanger. Avisa var hovudsakleg eit organ for målrørsla.
Avisa kom først ut éin gong i veka, utvida i 1915 til tre gonger i veka, men sleit med vanskeleg økonomi, og mange redaktørar kom og gjekk. I 1915 vart avisa overteken av lutlaget Rygja Tidend, og frå 1916 var Rogaland ungdomslag utgivar. Det siste nummeret kom i 1918.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.