Faktaboks

Ryfylke
Offisielt namn
LL RYFYLKE
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Sauda
Dagleg leiar
Ingvil Bakka (ansvarlig redaktør)
Styreleiar
Odd Magne Lønseth
Logo
Logo
Av .
Toralv Fanebust

Toralv Fanebust (1898–1971) var redaktør i Ryfylke åra 1926–1932. I Sauda vert han særleg hugsa fordi han prøvde å få økonomisk hand om avisa, ei sak som gjekk like til Høgsterett. Fleire år seinare skulle Fanebust – gjennom bladet «§ 100» – bli ein av dei ivrigaste kritikarane av rettsoppgjeret etter andre verdskrigen. Han var imot dødsstraff og såg på fengsel som ein lite gagnleg og gamaldags metode i eit moderne samfunn. I den oppheita tida blei han forsøkt stempla som nazisympatisør, og han blei arrestert og fengsla for injuriar. Det førte til ein omstridd dom på ni månaders fengsel. Strengare straff for injuriar hadde aldri vore dømt. Han arbeidde i mange år for å få saka si opp att, men døydde før ho skulle kome opp i Høgsterett.

Toralv Fanebust
Av /Norsk presses historie.

Ryfylke er ei lokalavis som kjem ut i Sauda to dagar i veka på papir, elles som nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1926 og er eigd av Lutlaget Ryfylke, som består av småaksjonærar. Avisa dekkjer Indre Ryfylke.

Historie

Tidligere avishode
Tidligere avishode
Av /Norsk presses historie.

Vekeavisa Ryfylke blei skipa på Sand sommaren 1926 i miljøet kring den frilynte Ryfylke Folkehøgskule. Utgivarstaden var frå første stund den då relativt unge industristaden Sauda. Eit lutlag blei danna for å stå bak utgivinga, og avisa skulle byggje på norskdom, målsak, fråhaldssak og ungdomslagssak. Miljøet såg eit behov for eit upolitisk bygdeblad i Ryfylke «ikkje minst no då bykulturen og storindustrien et seg inn i bygdene våre». Avisa held framleis på nynorsk som avisspråk.

På den tida avisa blei skipa, var det nedgangstider på manganfabrikken i Sauda. Dette viste lite att i spaltene i avisa Ryfylke, og ein finn i det heile lite om arbeidslivet og arbeidsstoda på fabrikken. I tillegg vart Sauda-streiken i 1970 dekt tilsynelatande nøkternt, der det eine av to parallelle hovudoppslag den dagen streiken var over, var at Sauda hadde fått sin første kallskapellan. Undervegs definerte avisa seg som representant for «den skadelidande tredjemann» i streiken, men fekk kritikk frå streikekomiteen for upassande innblanding.

Verdiane frå 1926 har stadig kjenneteikna avisa. Redaktøren Nils Fløgstad, som hadde gått på Voss Folkehøgskule, hadde fått «anda fritt i Grundtvigs og Eskelands ånd». Sidan var enkja hans, Dagny Salveson Fløgstad, redaktør i 23 år, fram til 1981.

Ryfylke skulle vere eit upolitisk bygdeblad, men dei som skipa avisa var samstundes på vakt overfor storindustrien og det kulturskiftet avisa kom til å føre med seg. Avisa ytra lenge motstand mot industriverdiar, og dyrka bygda og det norske. Samstundes gjekk Ryfylke-perspektivet meir og meir tapt. Ryfylke har dei siste tiåra vore ei rein lokalavis for innbyggjarane i Sauda kommune.

Det er for det meste etterkomarar av dei opphavlege luteigarane som eig avisa i dag. Dei vaktar framleis over føremålet frå 1926, med vekt på det som blei formulert som «heimleg vokster». Avisa har dermed som føremål å arbeide for å fremje utviklinga i lokalsamfunnet, og etter 80 år kunne jubileumsavisa i juni 2006 la yrkesfagelevar ved Sauda vidaregåande skule bryte ut at «Industri er tingen». Kulturavisa Ryfylke hadde slik sett gjort ei reise i verdiar.

Opplag

Opplagstall for Ryfylke, 1986-2022

1986 2711
1988 2801
1990 2875
1991 2875
1992 2869
1993 2862
1994 2866
1995 2815
1996 2817
1997 2779
1998 2766
1999 2732
2000 2750
2001 2786
2002 2775
2003 2779
2004 2804
2005 2799
2006 2814
2007 2765
2008 2659
2009 2665
2010 2700
2011 2656
2012 2559
2013 2662
2014 2564
2015 2538
2016 2444
2017 2402
2018 2328
2019 2327
2020 2278
2021 2260
2022 2216
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1932 1000
1993 2862
2008 2659
2015 2390
2020 2278
2022 2216
2023 2186

Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Fyrste nr. 5.6.1926.
  • Avisa kom ikkje ut 13.4.–24.10.1940.
  • Førebels siste nr. 2.10.1942.
  • Fyrste nr. etter krigen 11.5.1945.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Ryfylke
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg