Ryfylke er ei lokalavis som kjem ut i Sauda to dagar i veka på papir, elles som nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1926 og er eigd av Lutlaget Ryfylke, som består av småaksjonærar. Avisa dekkjer Indre Ryfylke.
Ryfylke (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- LL RYFYLKE
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Sauda
- Dagleg leiar
- Ingvil Bakka (ansvarlig redaktør)
- Styreleiar
- Odd Magne Lønseth
Historie
Vekeavisa Ryfylke blei skipa på Sand sommaren 1926 i miljøet kring den frilynte Ryfylke Folkehøgskule. Utgivarstaden var frå første stund den då relativt unge industristaden Sauda. Eit lutlag blei danna for å stå bak utgivinga, og avisa skulle byggje på norskdom, målsak, fråhaldssak og ungdomslagssak. Miljøet såg eit behov for eit upolitisk bygdeblad i Ryfylke «ikkje minst no då bykulturen og storindustrien et seg inn i bygdene våre». Avisa held framleis på nynorsk som avisspråk.
På den tida avisa blei skipa, var det nedgangstider på manganfabrikken i Sauda. Dette viste lite att i spaltene i avisa Ryfylke, og ein finn i det heile lite om arbeidslivet og arbeidsstoda på fabrikken. I tillegg vart Sauda-streiken i 1970 dekt tilsynelatande nøkternt, der det eine av to parallelle hovudoppslag den dagen streiken var over, var at Sauda hadde fått sin første kallskapellan. Undervegs definerte avisa seg som representant for «den skadelidande tredjemann» i streiken, men fekk kritikk frå streikekomiteen for upassande innblanding.
Verdiane frå 1926 har stadig kjenneteikna avisa. Redaktøren Nils Fløgstad, som hadde gått på Voss Folkehøgskule, hadde fått «anda fritt i Grundtvigs og Eskelands ånd». Sidan var enkja hans, Dagny Salveson Fløgstad, redaktør i 23 år, fram til 1981.
Ryfylke skulle vere eit upolitisk bygdeblad, men dei som skipa avisa var samstundes på vakt overfor storindustrien og det kulturskiftet avisa kom til å føre med seg. Avisa ytra lenge motstand mot industriverdiar, og dyrka bygda og det norske. Samstundes gjekk Ryfylke-perspektivet meir og meir tapt. Ryfylke har dei siste tiåra vore ei rein lokalavis for innbyggjarane i Sauda kommune.
Det er for det meste etterkomarar av dei opphavlege luteigarane som eig avisa i dag. Dei vaktar framleis over føremålet frå 1926, med vekt på det som blei formulert som «heimleg vokster». Avisa har dermed som føremål å arbeide for å fremje utviklinga i lokalsamfunnet, og etter 80 år kunne jubileumsavisa i juni 2006 la yrkesfagelevar ved Sauda vidaregåande skule bryte ut at «Industri er tingen». Kulturavisa Ryfylke hadde slik sett gjort ei reise i verdiar.
Opplag
Opplagstall for Ryfylke, 1986-2022
1986 | 2711 |
---|---|
1988 | 2801 |
1990 | 2875 |
1991 | 2875 |
1992 | 2869 |
1993 | 2862 |
1994 | 2866 |
1995 | 2815 |
1996 | 2817 |
1997 | 2779 |
1998 | 2766 |
1999 | 2732 |
2000 | 2750 |
2001 | 2786 |
2002 | 2775 |
2003 | 2779 |
2004 | 2804 |
2005 | 2799 |
2006 | 2814 |
2007 | 2765 |
2008 | 2659 |
2009 | 2665 |
2010 | 2700 |
2011 | 2656 |
2012 | 2559 |
2013 | 2662 |
2014 | 2564 |
2015 | 2538 |
2016 | 2444 |
2017 | 2402 |
2018 | 2328 |
2019 | 2327 |
2020 | 2278 |
2021 | 2260 |
2022 | 2216 |
År | Opplag |
---|---|
1932 | 1000 |
1993 | 2862 |
2008 | 2659 |
2015 | 2390 |
2020 | 2278 |
2022 | 2216 |
2023 | 2186 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Fyrste nr. 5.6.1926.
- Avisa kom ikkje ut 13.4.–24.10.1940.
- Førebels siste nr. 2.10.1942.
- Fyrste nr. etter krigen 11.5.1945.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.