Faktaboks

Rune Timberlid
Fødd
31. januar 1950, Sogndal
Rune Timberlid.

Rune Timberlid er ein norsk journalist og forfattar av kriminalromanar, med handlingar lagd til Sogn og Fjordane.

Bakgrunn

Rune Timberlid er fødd i Sogndal i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han er utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole i 1975 og har arbeidd i Bergens Tidende, Fredriksstad Blad, Aftenposten, Dagbladet, NTB, Sogn Avis og Firda. I Firda var han redaktør i 1990–1995. Då avisa Firda feira 75-årsjubileum i 1993, tok Timberlid initiativ til ein novellekonkurranse der dei beste tekstane vart trykte i samlinga Heimland. Mellom dei som debuterte her, var Olaug Nilssen og Maria Tryti Vennerød. Frå 2001 til 2017 var Timberlid kommunikasjonssjef i Lotteri- og stiftelsestilsynet, med avbrot i 2004–2005, då han var redaktør i Sogn Avis.

Forfattarskapen

Timberlid debuterte med kriminalromanen Sprit-drapet i Sogn og Fjordane i 1991, under pseudonymet Roger Fjorden. Etter debuten har han skrive fleire kriminalromanar med handling frå Sogn og Fjordane, basert på den gode kjennskapen han har til heimfylket og ei sterk interesse for lokalhistorie. Helten i alle bøkene er politibetjenten Rolf Randen ved lensmannskontoret i Førde, som etterforskar mange og vanskelege saker i områda ved og rundt Sognefjorden.

Gjennom bruken av lokalt stoff knyter Timberlid handlinga i kriminalromanane opp mot både samtidige debattar – mellom anna cruisetrafikk i Sognefjorden og kontroversiell gruvedrift i Førdefjorden – og mot historiske hendingar, til dømes hurtigruta Sanct Svithuns forlis i 1943 og motstandsarbeid under andre verdskrigen.

Oppdraga til helten Randen spenner vidt, frå terrorisme og kidnapping på ei ferje i Sogn til tjuveri av eit kjent Astrup-bilete. I boka Satans mor (2015) i serien om Randen etterforskar han sterke hendingar knytt til usemje om cruisetrafikken i Sognefjorden, men notidshandlinga blir kopla til hendingar langt tilbake i tid. Randa får store utfordringar, men får hjelp frå ein journalist i lokalavisa som grev i dei same sakene.

Timberlid sine bøker høyrer til blant eit fåtal av kriminalromanar skrivne på nynorsk. Dei første kriminalbøkene vart gitt ut på eit mindre lokalt forlag, Selja Forlag, men frå og med fjerde bok i serien er forfattaren etablert på vårt største forlag for nynorsk litteratur, Det Norske Samlaget.

Timberlid har òg skrive fleire sakprosabøker, mellom anna Byggjefesten. Historia om Hjelmelandsbrørne (2001), som handlar om ein familie som stod sentralt i utviklinga av bygdebyen Førde i Sunnfjord. Han har òg gitt ut sakprosabøkene Superlag frå Sogndal. Bygdelaget som vart toppklubb i fotball (2019) og Jakta på Sisin. Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn (2021).

Utgjevingar

  • Jakta på Siskin. Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn (Selja, 2021)
  • Superlag frå Sogndal. Bygdelaget som vart toppklubb i fotball (Selja, 2019)
  • Blodhemn (Krim og spenning, Selja, 2017)
  • Satans mor (Krim og spenning, Samlaget, 2015)
  • Sanct Svithuns gåte (Krim og spenning, Samlaget, 2011)
  • Operasjon Siskin (Krim og spenning, Samlaget, 2008)
  • Deadline (Krim og spenning, Samlaget, 2006)
  • Dødball (Krim og spenning, Selja forlag, 2004)
  • Priseld (Krim og spenning, Selja forlag, 2003)
  • Red Mercury (Krim og spenning, Selja forlag, 2002)
  • Byggjefesten (Dokumentar og historie, Selja forlag, 1999)
  • Sprit-drapen (Krim og spenning, Eget forlag, 1991)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg