Faktaboks

Rosemarie Köhn
Fødd
20. oktober 1939, Rathenow utanfor Berlin, Tyskland
Død
30. oktober 2022, Hamar
Verke
Biskop
Familie

Foreldre: Optiker Karl Max Willy Köhn (1909–1967) og pleiemedhjelper Eva Mathilde Sørlle (1918–2011).

Rosemarie Köhn
.
Lisens: CC BY 2.0
Gode gud? Gudsforgiftning og gudsbilder
Rosemarie Köhn under lanseringa av boka «Gode gud? Gudsforgiftning og gudsbilder» (2003) som ho skreiv saman med ektefellen Susanne Sønderbo.
Gode gud? Gudsforgiftning og gudsbilder
Av /NTB.

Rosemarie Köhn var ein norsk teolog og biskop. Ho var den første kvinnelege biskopen i Noreg og i Norden, og den tredje kvinnelege biskopen i den lutherske kyrkja på verdsbasis.

Köhn tok teologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1966, og blei ordinert i 1969 som den sjette kvinnelege presten i Den norske kyrkja. Ho hadde ulike stillingar ved Universitetet i Oslo frå 1968 til 1975. Ho var universitetslektor frå 1976 til 1989, og rektor ved Det praktisk-teologiske seminar frå 1989 til 1993. Frå 1993 til oktober 2006 var ho biskop i Hamar bispedømme.

Som biskop engasjerte Rosemarie Köhn seg sterkt for ei open og inkluderande folkekyrkje. Ikkje minst gjekk ho i spissen for å sikre plassen til dei homofile i kyrkja. I bispekollegiet tilhøyrde ho eit mindretal som meinte at homofile som lever i partnarskap, burde kunne ha prestestilling i kyrkja. I mediebiletet blei ho ein viktig symbolfigur for ei raus folkekyrkje. Som første kvinnelege biskop har ho vore ein pioner og eit førebilete for andre kvinnelege teologar og prestar.

Köhn har mellom anna gitt ut Hebraisk grammatikk (1971, fleire utgåver), Håpstreet. Roses bok (2002) med biografiske epistlar der ho mellom anna skriv om tru og tvil og personlege inntrykk, og Gode Gud? Gudsforgiftning og gudsbilder (2003, saman med Susanne Sønderbo).

I 2007 kom biografien Rose, skriven av Gry Espedal.

Rosemarie Köhn var gift med prest og psykolog Susanne Sønderbo.

Heidersteikn

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg