Romeo er eit italiensk mannsnamn som går tilbake til latin Romaeus som var eit tilnamn med tydinga ‘romar’, mellom anna brukt på dei som drog på pilegrimsferd til Roma.

Kulturell bruk

  • «Romeo og Julie» (1595) av William Shakespeare.
  • Songen «Romeo» med Ketil Stokkan var norsk Grand Prix-bidrag i 1986.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 90 menn (fødde i Noreg) som hadde Romeo som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg