Romar er eit mannsnamn som er ein variant av Rodmar av norrønt (H)róð-mar der forleddet tyder ‘ære’ og etterleddet ‘berømt’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Arnold Romar Krogstad fødd 1887 i Kristiania.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Romar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg