Rolleiv er eit mannsnamn som kjem av norrønt (H)rol-leifr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ære’ og etterleddet ‘arving, etterkommar’. Forleddet har opphavleg vore Hróð-.

Namnet har fleire variantar: Rollef, Rolleif, Rolleiv.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Rolleiv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg