Faktaboks

Rolf Reikvam
Rolf Henning Reikvam
Fødd
12. mars 1948, Førde (no Sunnfjord), Vestland
Rolf Reikvam

Rolf Reikvam.

Stortingsarkivet/Scanpix.

Rolf Reikvam er politikar. Som tidlegare sentral politikar i Sosialistisk Venstreparti (SV) var han særleg oppteken av utdanningspolitiske spørsmål.

Rolf Reikvam vart fødd i Førde. Han har utdanning i sosialøkonomi, offentleg rett og fagleg pedagogikk. Som yrkesaktiv har han vore lærar ved Jessheim vidaregåande skule, lønssekretær i Norsk Lektorlag/Norsk Undervisningsforbund og spesialrådgivar i Finansforbundet.

Reikvam var medlem av fylkestinget i Akershus 1987–1997 og stortingsrepresentant frå Akershus for SV 1997–2009. I åra 1997–2006 var han medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, i åra 2001–2005 som komitéleiar. Han var medlem av kommunal- og forvaltingskomiteen 2006–2009. Reikvam var med i Stortinget sitt presidentskap 2005–2009 som sekretær i Lagtinget. Han har hatt ei rekkje verv knytte til utdanningspolitikk, mellom anna som nestleiar og leiar i fylkesskulestyret i Akershus.

Som politikar i opposisjon kritiserte Reikvam ofte regjeringa i skulepolitiske spørsmål. Han tok til dømes sterk avstand frå innføringa av friskulelova i 2003 og argumenterte for å satse meir på den offentlege skulen. I kommunal- og forvaltningskomiteen arbeidde han mellom anna for styrkt kommuneøkonomi og for ei meir jamn fordeling av dei kommunale skatteinntektene.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg