Faktaboks

Rolf Groven
Fødd
11. mars 1943, Fræna, Møre og Romsdal
Verke
Billedkunstner
Familie

Foreldre: fisker, senere bygningsarbeider Harald Groven (1915–56) og Borghild Sylte (1918–).

Gift 1975 med sexolog Gro Isachsen (1953–), ekteskapet oppløst; samboer med bioingeniør Anne Karine Thorsrud (1949–).

Gi han ei framtid
Rolf Groven, Gi han ei framtid, 1977
Gi han ei framtid
© /BONO.
Lisens: Vernet verk

Rolf Groven er ein norsk målar. Groven bruker kunsten som eit politisk verkemiddel, og måleria hans er ofte kritiske og satiriske kommentarar til fenomen og utviklingstrekk i samtida.

Naturvern, Nei til EF/EU og motstand mot krig og opprusting er sentrale tema. Blant hans mest kjende bilete er Atomgutten (1977), der biletet av ein gut brukt i Ja til EFs valkampanje, blei brukt som hovudmotiv mot ein dyster atomkraftverks-bakgrunn. Oljeferda i Hardanger (1975) er kanskje hans mest kjende verk. Her er det det kjende hardangerlandskapet frå Tidemand og Gudes Brudeferd i Hardanger som er fylt med dystre samtidselement i staden for det feststemde brurefolket.

Groven er utdanna som arkitekt og byplanleggjar ved University of Manchester og NTH (1966–1972), seinare kunststudiar, mellom anna ved Trondheim kunstskule. Han verka som arkitekt i Oslo i 1972–1976, og har sidan vore yrkesaktiv biletkunstnar. Han er innkjøpt av ei rekkje institusjonar, blant anna Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet.

Oljeferden i Hardanger

Rolf Groven. Oljeferden i Hardanger, 1975, et av hans mest kjente bilder.

© /KF-arkiv ※ BONO .
Lisens: Vernet verk

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Rolf Groven

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg