Roar Hagen

Faktaboks

Roar Hagen
Født
15. april 1954, Ørsta på Sunnmøre
Roar Hagen.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Roar Hagen er grafisk formgivar, har vore avisteiknar i VG i meir enn 30 år og kåra til årets avisteiknar fleire gonger.

Bakgrunn

Roar Hagen er fødd i Ørsta i Møre og Romsdal. Han tok utdanning som grafisk formgivar.

Avisteikninga

Roar Hagen. Politisk kommentar til vanstyret i Kongo (daværende Zaïre) under diktatoren Mobutu Sese Seko. Tegning 1996.

Av /KF-arkiv ※.

Frå 1975 arbeidde Hagen frilans som avisteiknar i Sunnmørsposten. Der var han fram til 1978, då han fekk stilling i Stavanger Aftenblad. Frå 1986 har han vore avisteiknar i VG.

Teikningane til Roar Hagen er blitt trykte i fleire internasjonale magasin og aviser, mellom anna Time Magazine, Newsweek, Der Spiegel, Die Zeit og Le Monde. I 1989 blei han tilslutta Cartoonists & Writers Syndicate i New York. Fleire enn 200 magasin og aviser over heile verda får teikningar formidla derifrå.

Andre illustrasjonar

Hagen har òg arbeidd med illustrasjon av bøker, grafikk, skisser, måleri og akvarellar og er kjøpt inn av mellom anna Nasjonalgalleriet, Rogaland Kunstmuseum, Stortinget, Oljedirektoratet, Statoil og Haus der Geschicte der Bundesrepublik Deutschland.

I 2016 gav Roar Hagen ut boka Den norske fortellingen, med eit utval av teikningar og kommentarar frå dei siste 40 åra.

Utmerkingar og engasjement

I 2004 fekk han prisen International Caricatura Politica Award, Forte dei Marmi Italia, og han fekk prisen Årets Avisteikning både i 2007 og i 2015.

Roar Hagen er leiar av den uformelle foreininga Avistegnerlauget.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg