Roald Kaldestad

Faktaboks

Roald Kaldestad
Født
21. mai 1972, Bergen, Vestland
Av /Magikon forlag.

Artikkelstart

Roald Kaldestad er barnebokforfattar, låtskrivar og musikar. Han lèt musikken få ei sentral rolle i bøkene sine og skriv om venskap i sorg og glede.

Bakgrunn

Roald Kaldestad er fødd i Bergen. Han har grunnfag i musikk frå Høgskulen Stord Haugesund (no Høgskulen på Vestlandet) i 1992, mellomfag i engelsk i 1995 og hovudfag i kunsthistorie i 2002 frå Universitetet i Bergen. Kaldestad har arbeidd som frilansar etter utdanninga og har hatt musikalske oppdrag i samarbeid med til dømes Odd Nordstoga og Sigrid Moldestad. Han har òg produsert framsyningar og turnert med dei for Den kulturelle skulesekken og har vore kunstnarisk leiar for barnebokfestivalen Falturiltu.

Forfattarskapen

Forfattarskapen til Kaldestad er eit samspel mellom tekst og musikk. Han nyttar sine eigne låtar, som tilfører forteljingane kraft og truverd. I samarbeid med ulike illustratørar, mellom andre Bjørn Rune Lie, har han gitt ut ei rekkje bøker for born. Tematikken sirklar gjerne rundt venskap og utfordringar, ofte med ein god dose humor, fart og spenning.

Kaldestad debuterte i 2000 med lyd- og biletboka Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Dette er den første boka i serien om den dedikerte musikaren Heavykatten. Han er lite interessert i anna enn sin eigen musikksjanger, men i ulike krisesituasjonar må han etter kvart samarbeide med representantar for andre musikkstilar. Slik vert nye venskap og rytmar utvikla. I 2001 kom oppfølgjaren, Reven Ruben, og desse to første bøkene har gått som høyrespel i Barnetimen for dei minste på NRK radio.

Biletboka Englefjell (2006) har ei anna grunnstemning, og forfattaren rører ved det poetiske og vemodige i ei lita jente si sorg då katten hennar døyr. To hundre og sekstini dagar (2014) har òg ein tematikk som eignar seg til refleksjon og ettertanke. Dette er ei regntung, stemningsfull og sår forteljing om venskap og sakn.

Bibliografi i utval

  • Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip (Barnebok, Cappelen Damm, 2017)
  • Heavykatten og gitaren (Barnebok, Cappelen Damm, 2017)
  • Reven Ruben (Barnebok, Cappelen Damm, 2017)
  • Polkagrisen (Barnebok, Cappelen Damm, 2017)
  • To hundre og sekstini dagar (Biletbok, Magikon forlag, 2014)
  • Heavykatten og gitaren (Barnebok, Cappelen Damm, 2010)
  • Englefjell (Barnebok, Cappelen Damm, 2006)
  • Polkagrisen (Barnebok, Cappelen Damm, 2003)
  • Reven Ruben (Barnebok, Cappelen Damm, 2001)
  • Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip (Barnebok, Cappelen Damm, 2000)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg