Rita er eit kvinnenamn som er italiensk kortform av Margherita, italiensk form av Margareta.

Namnet har fleire variantar: Rita, Ritha.

Namnedag er 27. juli. Marita har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Rita

Eit utval personar med namnet Rita, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 625 kvinner i Noreg som hadde Rita som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 8 jenter som fekk namnet Rita.

Utvikling i bruk av namnet

Frå 1930 til 1990 var tostava namn på -e gjennomgåande meir populære enn dei på -a, til dømes Tove, Mette og Bente, men dette gjeld ikkje nokre få namn på -a som kan sjåast på som unntak frå dette allmenne mønsteret: Eva, Laila, Linda, Mona, Pia, Rita – og dei russiske Aina, Anja, Nina, Sonja, Tanja og Vera. Unntaket Rita kan nok delvis forklarast på bakgrunn av populariteten til den amerikanske skodespelaren Rita Hayworth (1918–89). Rita var på topp 1960–1964.

Utvikling i bruk av namnet Rita frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Rita frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg