1907-normalen
Eksempel på endringar i rettskrivinga som vart gjennomført frå 1907
1907-normalen
Lisens: CC BY SA 3.0
Knud Knudsen

Fram til 1907 var den offisielle rettskrivinga så og seie identisk med den danske, men etter kvart voks det fram ei rørsle for fornorsking blant ein del språkbrukarar, med læraren Knud Knudsen som den fremste talsmannen.

Knud Knudsen
Av /※.

Rettskrivingsreforma av 1907 var den første større reforma av den målforma som vi no kallar bokmål. Reforma var eit førebels sluttpunkt på ein lang og omstridd prosess for fornorsking av det danske skriftspråket som var det heilt dominerande i Noreg, og som det etter 1900 var vanleg å kalle norsk riksmål (i motsetning til landsmål, det som no heiter nynorsk).

Faktaboks

Også kjend som

Riksmålrettskrivinga av 1907, bokmålsrettskrivinga av 1907, 1907-normalen

Hovudpunkta i 1907-rettskrivinga var innføringa av harde konsonantar i ord som dyp, vite og sak i staden for dei danske formene dyb, vide og sag, og norske fleirtalsformer på -er der dansk hadde -e, altså hester i staden for heste.

Reforma førte inn ein del systematiske trekk i skriftspråket som skilde det klart frå dansk, men som likevel ikkje vart konsekvent gjennomført og dermed skapte eit behov for ei ny reform etter forholdsvis få år. 1907-rettskrivinga fekk derfor ikkje noko langt liv, men kom til å utgjere ein viktig milepæl i utviklinga av det moderne norske bokmålet.

Bakgrunn

Jonathan Aars
Rettskrivinga i riksmålet vart frå 1880-åra av regulert av skulestyraren Jonathan Aars i samspel med Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Aars redigerte ei ordliste, Norske retskrivningsregler, som frå 1885 av vart kontrollert og godkjent av departementet, og der kunne han føre inn små endringar i enkeltord og såleis gjennomføre ei diskret fornorsking. Den største endringa han gjorde, med departementets godkjenning, var å gjennomføre små forbokstavar i substantiv i 1887. I Danmark skjedde det først i 1948.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC0 1.0

Det danske skriftspråket i Noreg på 1800-talet vart kalla både dansk-norsk, norskdansk (særleg av nynorskfolk) og «det almindelige Bogmaal». Den offisielle rettskrivinga var identisk med den danske, men etter kvart voks det fram ei rørsle for fornorsking blant ein del språkbrukarar, med læraren Knud Knudsen som den fremste talsmannen. Dei konkrete framstøytane for slik fornorsking var førebels reint private, og ganske usystematiske. Den endringa som Knudsen klarast og skarpast gjekk inn for, var såkalla harde konsonantar etter vokal (p, t og k der dansk hadde b, d og g, altså tape, bite og bruke i staden for tabe, bide og bruge). På andre punkt gjekk han inn for meir uttalenære skrivemåtar enn dei gjeldande.

I 1862 gjennomførte Kyrkje- og undervisningsdepartementet nokre ortografiske forenklingar: Lange vokalar hadde vore skrivne med stum e eller fordobla, men det vart no avskaffa. Der ein før skreiv faae, Meel, Miil, Huus skulle det no heite faa, Mel, Mil, Hus. I tillegg vart bokstavane c, ch og q for k-lyden i framandord erstatta med k, mens ph vart erstatta med f (Control, Charakteer, qvalm og Philosoph skulle skrivast Kontrol, Karakter, kvalm og Filosof). Denne reforma omfatta altså berre skrivemåtar, ikkje sjølve språkformene; alt skulle uttalast som før. Sjå artikkelen norvagisering.

I 1884 vart parlamentarismen innført i Noreg, og Venstre fekk regjeringsmakta. Dette partiet var positivt til fornorsking av skriftspråket og leseuttalen i skulen. I 1887 sende departementet ut eit skriv som gjekk ut på at elevane skulle lese opp ord med dansk skriftform på det norske «høgare talemålet» som låg nærast skriftmålet, det vi i dag ville kalle «tala bokmål». Eit mykje sitert døme er setninga: Han lader fem være lige, og bryder sig ikke om at broderen raaber og leder efter ham. Dette skulle elevane lese opp slik: Han lar fem være like, og bryr sei ikke om at broren roper og leter efter ham.

Dette skapte likevel nye problem, for elevane hadde vanskeleg for å takle desse skilnadene mellom det dei las i boka og det dei skulle lese opp. I 1890-åra vart derfor ei skriftreform som minska desse skilnadene meir og meir aktuell. Det var denne utviklinga som etter mange års utgreiingar, diskusjonar og utprøvingar enda med rettskrivinga av 1907.

Prosessen

Rettskrivinga i riksmålet vart frå 1880-åra av regulert av skulestyraren Jonathan Aars i samspel med Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Aars redigerte ei ordliste, Norske retskrivningsregler, som frå 1885 av vart kontrollert og godkjent av departementet, og der kunne han føre inn små endringar i enkeltord og såleis gjennomføre ei diskret fornorsking. Den største endringa han gjorde, med departementets godkjenning, var å gjennomføre små forbokstavar i substantiv i 1887. I Danmark skjedde det først i 1948.

Men i 1890-åra vart det behov for større endringar, og det skjedde i første omgang ved hjelp av det første bandet i Nordahl Rolfsens leseverk for folkeskulen, som skulle få stor innverknad i dei følgjande tiåra. Her hadde Moltke Moe, professor i norsk språk og folkeminne ved universitetet i Kristiania og ein leiande fornorskingsforkjempar, den sentrale funksjonen som språkkonsulent, og han gjennomførte ein del fornorska former (til dømes rope, blaase, leke for raabe, blæse og lege, strævde og talte for strævede og talede, hester og berg for heste og bjerge), rett nok ganske inkonsekvent. Departementet autoriserte denne leseboka da ho kom ut i 1892, og det gjorde det straks viktig å ta stilling til om elevane også skulle få skrive desse formene når dei fekk lese dei i lesebøkene. Departementet bad da tre fagpersonar om å vurdere dette og gi ei tilråding: skulemennene Jonathan Aars og Simon Wright Hofgaard og professor Moltke Moe. Desse rådde til at dei nye formene vart tillatne, og dei kom inn i Aars si ordliste i 1894.

Opptakt til reform frå 1897

Problema med å hanskast med mange inkonsekvensar frå ord til ord minka ikkje, og i 1897 vende dei same tre fagpersonane seg til departementet med spørsmål om ikkje ei meir vidfemnande og systematisk reform var påkravd. Dei fekk i oppdrag å lage ei større utgreiing om dette, og den kom i 1898. Her vart ei rekke av dei prinsipielle problema med kløfta mellom dansk skriveskikk og norsk uttale greidd ut, og det vart foreslått å gjennomføre harde konsonantar, dobbeltskriving av konsonant etter kort vokal (takk, hugg i staden for for dansk tak, hug), fleirtal av substantiv på -er i staden for dansk -e (hester og stener for heste og stene), korte verbformer som dra, ta, ha for drage, tage, have) m.m.

Departementet sende framlegget først ut til nokre få konsulentar og fekk til dels motstridande reaksjonar, og deretter vart heile framlegget offentleggjort. Ved hundreårsskiftet var det mykje strid kring dette framlegget, og departementet fann det best å legge det til sides inntil vidare, og i staden be fonetikaren Johan Storm, som hadde kritisert framlegget sterkt ut frå eit konservativt språksyn, om å formulere eit alternativt framlegg. Storms framlegg låg føre i 1906, og framstod som eit moderat kompromiss mellom dei to ytterpunkta i striden, men også som ganske usystematisk og uoversiktleg.

Nasjonal stemning kring unionsoppløysinga i 1905

Da var unionen med Sverige oppløyst, og i den sterkt nasjonale stemninga som no rådde i samfunnet hadde fornorskinga fått ny vind i segla. Tida arbeidde ikkje lenger for Storms forsøk på å få til ei meir moderat reform. Departementet tok igjen fram rettskrivingssaka på grunnlag av framlegget frå 1898, og bad Jonathan Aars og rektor Marius Nygaard gjere ein siste finpuss på det etter det ordskiftet som hadde vore. Dette framlegget vart sett opp mot Storms, og vann fram i det ordskiftet som følgde blant anna fordi det var ei meir konsekvent gjennomført reform som dermed òg ville vere meir heldig pedagogisk. Dei fleste som uttala seg, støtta altså framlegget frå Aars og Nygaard.

Det vart derfor gjort gjeldande som offisiell rettskriving i statstenesta og i den høgre skulen ved ein kongeleg resolusjon i februar 1907. I folkeskulen var det den gongen dei lokale skulestyra som bestemte kva som skulle gjelde, ikkje departementet, men det vart berre ein kort overgangsperiode før den nye rettskrivinga var gjennomført der òg, over heile landet.

Hovudpunkta i 1907-rettskrivinga

Norske retskrivnings-regler 1907

Norske retskrivnings-regler med alfabetiske ordlister av J. Aars og S. W. Hofgaard. Godkjendte av Kirkedepartementet ved skrivelse av 25de juni 1907. Kristiania. Forlagt av W. C. Fabritius & Sønner A/S. 1907

Norske retskrivnings-regler 1907
Av /W. C. Fabritius & Sønner A/S.

Konsonantar

Hovudpunktet i 1907-rettskrivinga var innføringa av harde konsonantar. Det skulle heite dræpe, aapen, ut, vite, kake, sak, bryte, dyp, bak, grep (dansk: dræbe, aaben, ud, vide, kage, sag, bryde, dyb, bag, greb). I ein del ord vart det gjort valfritt: eple – æble, bot – bod, klok – klog, bok – bog, gaate – gaade. I ein del ord heldt ein fast på stemt konsonant: skib, vaaben, helvede. Dette siste gjaldt særleg avleiingar og samansetningar, såleis saglig, sagfører, udmærket, ansøgning, bagvaske, forbryder, videnskap – trass i at det skulle heite sak, ut, søke, bak, bryte, vite.

I nokre ord vart dobbeltkonsonant etter kort vokal innført, mest når det kunne vere fare for forveksling: hopp, hatt, bukk, i staden for dei etablerte formene hop, hat, buk. Problemet var at når dei danske formene hob, had, bug skulle få hard konsonant, fekk dei nye formene av desse orda også skrivemåten hop, hat, buk. Innføringa av dobbeltkonsonant i ord der denne «kollisjonen» oppstod, løyste eit forvekslingsproblem i desse spesielle orda. I tillegg vart dobbeltkonsonant innført i ein del særnorske ord, som foss og fonn.

Bøyingssystemet

I bøyingssystemet fekk ein desse endringane:

  1. På dansk kunne (og kan) hankjønnssubstantiv bøyast på to måtar i fleirtal: med endinga -e: heste, og med -er: lier. På norsk riksmål skulle endingane vere -er i alle slike ord: hester, lier.
  2. Inkjekjønnsord kunne på dansk òg ende på -e i fleirtal: flere huse. På norsk riksmål skulle endinga falle bort i mange slike ord: flere hus. Men i ein del ord skulle det vere valfritt: både blad og blade skulle vere tillatne fleirtalsformer.
  3. Verb av typen have, drage, blive, tage skulle kunne skrivast ha, dra, bli, ta. Det gjaldt òg somme bøygde former som sa ved sida av sagde. Denne endringa var altså valfri. Også substantiv skulle kunne skrivast forkorta i samsvar med uttalen: far, mor, bror, lær, ved sida av fader, moder, broder, læder. I somme ord vart dette gjort obligatorisk: det skulle heite fjær og fôr, ikkje lenger fjæder og foder.
  4. Svake verb fekk meir talemålsnære norske endingar i preteritum i staden for den danske endinga -ede. Døme: kastet, fisket, svarte, levde, eide, bodde, naadde (for kastede, fiskede, svarede, levede, eiede, boede, naaede).
  5. Adjektiv på -ig skulle ikkje lenger ha -t i inkjekjønn, som i dansk: et heldig barn, et ærlig menneske (før: heldigt, ærligt).

Resultat

1907-rettskrivinga var gjennomført i det meste av pressa ved nyttår 1908. Berre Aftenposten, som hadde vore den sterkaste kritikaren av reforma gjennom heile prosessen, sette seg imot og kom etter først i 1923, da det allereie var kome ei ny rettskriving (frå 1917). Også i forretningslivet og samfunnslivet generelt gjekk det ganske glatt å få gjennomført dei nye formene i bruk. Viktig var det òg at nokre lærebokforfattarar i samarbeid utarbeidde eit sett retningsliner for val av former i lærebøkene der rettskrivinga tillét valfridom, for det meste til fordel for dei nyaste og mest norske formene. Den vart følgt i dei fleste lærebøker, det første dømet på det som seinare er blitt kalla ein læreboknormal.

Dette innebar eit prinsipielt brot med dansk i Danmark som normeringsinstans i Noreg. Dette viste seg i praksis, men også med stor symbolverdi, da ei bok skriven på norsk riksmål i 1913 for første gong vart omsett til dansk. Det hadde fram til da vore unødvendig, for ikkje å seie meiningslaust. Det var Knud Knudsens språkpolitiske mål som no var nådd: riksmålet skulle ikkje bygge på dansk skrift, men på «dannede folks omhyggelige, men ukunstlede dagligtale» i Noreg.

Likevel var likskapen mellom dansk og norsk riksmål framleis så stor at mange såg på 1907-reforma som første steg på ein lang veg, ikkje minst nynorskfolk, som hevda at berre nynorsk var eit heilt ut norsk skriftspråk, men også mange riksmålsbrukarar meinte at språket måtte opne seg meir også for det norske folkelege talemålet.

Ein viktig mangel ved rettskrivinga var den inkonsekvente gjennomføringa av dobbel konsonant etter kort vokal, slik at ei ordform som tap kunne bety både ’tap’ (dansk tab) og ’tapp’, mat kunne bety både ’mat’ (dansk mad) og ’matt’, og tak kunne bety både ’tak’ (dansk tag) og ’takk’. Det var mange slike dublettar, som berre kunne løysast ved at dobbelkonsonant vart innført der vokalen var kort, slik at skiljet mellom tap, mat og tak (lang vokal) og tapp, matt og takk (kort vokal) vart klart og tydeleg markert overalt.

Rettskrivingsstriden gjekk såleis vidare fram mot den neste store reforma i 1917.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg