Rigmor

Artikkelstart

Rigmor er eit kvinnenamn som truleg er ei dansk omtolking av det tyske Rik-moth. Forleddet tyder ‘mektig’ og etterleddet ‘ånd; mot’.

I eldre dansk vart -mot omtolka til -mor.

Namnedag er 7. februar. Rikard har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Rigmor

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var husmor Rigmor Eger fødd 1853 i Stavern (Fredriksvern, Vestfold), busett i Kristiania i 1900.

Kulturell bruk

  • Rigmor er eit dansk folkevisenamn.
  • Rigmor er heltinne i B.S. Ingemanns roman «Valdemar Sejr» (1826).

Kjende personar med namnet Rigmor

Eit utval personar med namnet Rigmor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 5400 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Rigmor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hornby, Rikard 1978: [Danske Personnavne]. København.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg